Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Sogn og Fjordane

Historiske bilete av dei reisande i Sogn og Fjordane

I fotosamlinga til Fylkesarkivet finn ein ulike bilete som dokumenterer dei reisande si historie i fylket. Dette gir oss eit godt innblikk i både kvardagsliv, tradisjonar og hendingar hjå dei reisande, men også haldningar og fordommar i samfunnet.

Avslutta med brigadeavslutning

Hefte om Tysklandsbrigaden til bruk i grunnskulen,
Dette var overskrifta i ei pressemelding frå fylkeskommunen nyleg. Åshild Kjelsnes har hatt sitt siste offisielle oppdrag som fylkesordførar. Det nytta ho til å vitje Tysklandsbrigadenes veteranforbund, avd. Sogn og Fjordane på Skei 3. oktober.

Årets besøk frå Leikanger ungdomsskule

Fylkesarkivaren skisserer dagens mål for elevane
Torsdag 1. oktober 2015 hadde vi det årlege besøket av 8.klasse frå Leikanger ungdomsskule. Vi er stolte over at vi er blitt ein fast del av skulen sitt opplegg kvar bidige haust.

Fylkeshuset 25 år

Fylkeshuset står seg godt etter 25 år. Fotograf Knut Henning Grepstad
4.oktober 1990 vart Sogn og Fjordane fylkeskommune endeleg herre i eige hus, i Askedalen på Hermansverk. Etter mange år som leigetakar kringom i bygda vart fylkesadministrasjonen samla under same tak. Unntaket var fylkeskulturavdelinga og fylkestannlegen som vart verande i Førde.

Godt val !

Så er det valdag igjen, og i dag skal vi bruke stemmeretten vår til å avgjere kven som skal styre kommunane og fylkeskommunen vår dei komande fire åra.

Databasane våre er no tilgjengelege

Arbeidet med testing og vedlikehald gjekk kjapt, og databasane er no tilgjengelege.

Databasane våre er nede

Grunna testing og vedlikehaldsarbeid er databasane våre nede. Vi orsakar dette og arbeider på spreng for å få dei på plass att.

Unikt skuleprosjekt med Hyllestad som pilotkommune

Skuleruta i Skifjorden fram til 1965. Bileteigar er Hans Waage
Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen har no fyrt av startskotet for det det store skuleprosjektet Skulen min. Hyllestad vil vere vår pilotkommune. Vi ynskjer å få fram ei mest mogeleg komplett skulehistorie for fylket fram til 1960/70-talet som skal presenterast i ein digital portal. Denne skal vere open for alle, brukarvennleg og eit godt og nyttig verkty både for folk flest og fagfolk. Vi er ambisiøse og tek sikte på at arbeidet vårt og den digitale løysinga skal danne mal for andre fylke.

Kjelda

Framsida av Kjelda viser eit bilete frå Stongfjorden.
Juni-nummeret av Kjelda er no klart. Bladet inneheld mellom anna ein artikkel om nordfjordingen Linda Gytri.

Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag

Ei side frå møteboka til Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag
Den første møteboka frå Sogn og Fjordane Arbeidarungdomslag har blitt digitalisert og gjort tilgjengeleg på Internett.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login