Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Sogn og Fjordane

Kontaktkonferansen 2015 vel overstått!

Foto: Espen Sæterbø/Fylkesarkivet
Årets kontaktkonferanse i Sogndal kommune samla kommunetilsette frå heile fylket til to dagar med arkivfagleg påfyll.

Engelske soldatar på flukt i 1940

Bjarne Haugnes. Fotograf: Hermund Kleppa
Laurdag 11. mai 1940 gjekk to menn opp Moadalen frå Øvre Årdal for å møta ei gruppe engelske soldatar. Gruppa var på flukt frå Gudbrandsdalen mot kysten.

Kapitulasjonen i Sogn og Fjordane 1. mai 1940

Framsida på Einar Svartefoss si bok 5-årsnatta – Leikanger i krigsåra 1940-45.
«Kommandøren», «Lærdal» og 40 motorbåtar på plass dagen etter! Det var eitt av krava Sogn og Fjordane sin representant fekk på bordet hjå den tyske generalen Engelbrecht i Lærdal, om kvelden, onsdag 1. mai 1940.

9.april. Ein dag å minnast

9.april 1940 skipla livet og kvardagen til det norske folket. For dei fleste vart det fem lange, tunge år i ufridom, for andre slutta livet brått og brutalt i møtet med den tyske okkupasjonsmakta.

Om Fylkesbaatane i tida 9. april – 16. mai 1940

 «Kommandøren» i mobiliseringsrute til kai i Vik, april 1940.
Det er 75 år sidan det tyske åtaket på Noreg. Hermund Kleppa har skrive ein artikkel om Fylkesbaatane i den fyrste kaotiske krigstida i 1940.

Fotosafari i Førde

Sigrun Espe og Helga Helga Sofie Bosdal Bjørkhaug diskuterer motiv og kvalitet
Digital kulturformidling er i tida, og den fylkeskommunale kultursektoren har som mål om å bli best i landet på dette området. Då trengst det kompetanse hos dei tilsette.

Pressefoto fram i lyset

Johs B. Thue og Gro Harlem Brundtland. Foto: Bjarte Brask Eriksen. CC BY-NC 4.0
Sogn Dagblad var fylket si første dagsavis. Avisa var og den første og einaste nynorske dagsavisa i landet. Frå starten i 1965 til nedlegginga i 1997 produserte avisa sine fotografar og journalistar fleire tusentals foto frå små og store hendingar i fylket. Dette unike biletarkivet kan no gjerast tilgjengeleg for bruk.

Møte om ny databaseløysing

Frå møte om ny databaseløysing for foto. Foto: Ole Stian Hovland.
I går og i dag har vi hatt møte med IKA Møre og Romsdal om ny databaseløysing for foto. Føremålet med møtet har vore å utveksle kunnskap om tekniske og praktiske løysingar sett frå datateknisk side og frå brukarsida.

Fylkesarkivet er i gang med å implementere nye prosessar og rutinar for bevaring av e-arkiv

Tor Eivind Johansen(KDRS) og Geir Utmo(Fylkesarkivet) Foto: Espen Sæterbø
Fylkesarkivet er i gang med å implementere nye prosessar og rutinar for bevaring av e-arkiv

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login