Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Musikk

Sandum/Kvernberg/Sandum held konsert på Straumsnes Grendahus 20. november

Pressefoto Sandum/Kvernberg/Sandum
Torsdag 20. november er det konsert på Straumnes i Fjaler kommune. Saman med brørne Hans og Øyvind Sandum spelar Jorun Marie Kvernberg opp til konsert på Straumsnes Grendahus.

Lena Skjerdal slepper ny plate

Fredag 7. november 2014 blir vokalist, komponist og tekstforfattar Lena Skjerdal si nye plate, "Mjuke Vek", lansert. Sundag 9. november held ho konsert i Blaoboxen i Sogndal kulturhus.

Fjelljomfestivalen 24. og 25. oktober 2014

Stryn kommune
I staden for å invitere til tradisjonell kurshelg, utvidar Spelemannslaget Fjelljom denne hausten til ein heil festival. Siste helga i oktober (fredag 24. og laurdag 25. oktober) inviterer Spelemannslaget Fjelljom til Fjelljomfestivalen. Ein kan ta del i kurs innan felespel, munnspel og mykje anna.

Resultat frå Vestlandskappleiken 2014

Vestlandskappleiken 2014 fann sted frå 3. til 5. oktober i Granvin i Hardanger. No er heile resultatlista klar!

Kine Svori tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris

Kine Svori (foto: Norill Norheim)
Laurdag 4. oktober vart Kine Svori frå Jostedal tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. Tildelinga fann sted under Vestlandskappleiken i Granvin i Hardanger. Prisen er på 10 000 kr og vert utdelt kvart år til ein ung og lovande utøvar på hardingfele.

Ingrid Andersen Heieren tilsett som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag

Ingrid Andersen Heieren
Ingrid Andersen Heieren er tilsett i 50 % stilling som dagleg leiar og folkemusikk-koordinator i Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

Folkelarm 25. - 27. september

Folkelarm 2014
Nordens største bransjetreff for folkemusikk, verdsmusikk og folkedans finn stad i Oslo denne veka. Folkelarm vert arrangert frå torsdag 25. til laurdag 27. september, og ein kan oppleve seminar, konsertar og særleg fokus på Tyskland.

Dansehelg i Jostedal 20. - 21. september

Luster kommune
Laurdag 20. og sundag 21. september vert det dansehelg i Jostedal samfunnshus. Jostedal spel- og dansarlag inviterer til dansekurs med Kirsten Friis, og dansekveld med Jutullaget.

Karl Seglem på turné i september

Karl Seglem (foto: Oddleiv Apneseth)
I september månad turnerer årdøl Karl Seglem med tingingsverket "Som spor". Han vitjar fleire stader i Sogn og Fjordane, i tillegg til Voss og Bergen.

Vestlandskappleiken 2014

Hardanger spelemannslag
Hardanger spelemannslag skipar til Vestlandskappleiken 2014. Kappleiken finn stad i Granvin frå 3. til 5. oktober.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login