Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Musikk

Konsert med Erlend Apneseth

Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
Tysdag 1. april klokka 19.00 spelar Erlend Apneseth konsert i ungdomshuset Skogstjerna i Stryn. Spelemannslaget Fjelljom er arrangør for konserten, der ein vil få høyre solo hardingfelespel frå ein framifrå ung spelemann.

Resultat frå Fylkeskappleiken 2014

Fylkeskappleiken 2014
Resultata frå Fylkeskappleiken 2014 er no klare. Årets kappleik fann sted på Firda vidaregåande skule på Sandane, fredag 28. og laurdag 29. mars. Folkesongar Elin Grytting blei tildelt Folkemusikkprisen 2014.

Fylkeskappleiken 28. - 29. mars

Fylkeskappleiken 2014
Fredag 28. og laurdag 29. mars skipar tre lokallag i Gloppen kommune til årets fylkeskappleik. Kappleiken går føre seg i aulaen på Firda vidaregåande skule på Sandane.

Minnekonsert for Sjur Hesjevoll

Sjur Hesjevoll (foto: Odd Helmer Handeland)
I år er det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll blei fødd. Laurdag 22. mars blir dette markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus.

Konsert med Kari Malmanger og Linda Gytri

Kari Malmanger (foto: Oddleiv Apneseth)
Sundag 16. mars kl. 18.00 inviterer Luster Folkeakademi og Jostedal spel- og dansarlag til konsert med Kari Malmanger og Linda Gytri. Konserten er på Jostedal hotell.

Sigrid Moldestad slepp ny plate denne veka

Brevet til kjærleiken (design: Eva Karlsson | foto: Magnus Skrede)
Fredag 14. februar slepp Sigrid Moldestad si fjerde soloplate. Utgjevinga har fått tittelen "Brevet til kjærleiken", og er ein hyllest til diktaren Jan-Magnus Bruheim.

Folkemusikkonsertar denne helga

Laurdag 8. februar er det musikkveld i Ålhus i Sunnfjord. I løpet av ein ein aftan på Ålhus vil det både vere konsert i Ålhus kyrkje og festkveld i Borgja.

Førdefestivalen 2014: tema er lokal - global

Førdefestivalen 2014
Tema for den 25. Førdefestivalen er lokal - global. Musikkfestivalen finn stad frå onsdag 2. til sundag 6. juli 2014.

Erlend Apneseth på miniturné denne veka

Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
Erlend Apneseth spelar i Lærdal, på Hardanger folkemuseum, i Balestrand og på Eikaasgalleriet på Ålhus denne veka.

Fylkeskappleiken 2014

Årets Fylkeskappleik er på Sandane fredag 28. og laurdag 29. mars.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login