Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Nyhende

Dagens artikkel: Fedrelandssalmen i fylkestinget

Ved opninga av fylkestinget 10. og 11. desember 2007 tok representanten Heidi Kathrin Osland (SV) opp skikken med å opna kvart fylkesting med fedrelandssalmen. Ho ba om at praksisen vert endra. Fleire tok til motmæle. Jostein Kvalsvik (Frp) lova kamp om dette verkeleg skulle bli eit forslag til avrøysting. - Dei trykte fylkestingsforhandlingane seier noko om tradisjonen med song og fedrelandssalmen ved opninga av fylkestinga.

Dagens artikkel: Revebjølla - Sogn og Fjordane sin fylkesblom

Sogn og Fjordane fylke har fleire symbol eller kjennemerke. Først kjem fylkesvåpen og fylkesflagg, deretter fylkesblom, fylkesstein og fylkestre. Denne artikkelen handlar om fylkesblomen - revebjølla.

Dagens artikkel: Frå Nordre Bergenhus til Sogn og Fjordane

"Det henstilles til statsmagterne under den mulige forandring af rigets geistlige og civile inddelingsnavne at ombytte betegnelsen Nordre Bergenshus amt med Sygna og Firda syssel". (Tilråding frå Nordre Bergenhus amtsting, 7. juni 1907. Vedteke med 27 mot 7 røyster)

Lokalhistorisk litteratur på Fylkesarkivet

Eit lite utval av litteraturen på Fylkesarkivet
I 1993 starta Fylkesarkivet å byggje opp ei samling med lokalhistorisk litteratur og relevant faglitteratur til bruk i arbeidet for arkivarane. Samlinga er ikkje eit utlånsbibliotek, men er til internt bruk. Vi kan likevel yte ein viss sørvis overfor brukarane våre, som å svare på spørsmål om bøker og kopiere innan regelverket.

Julenummeret av Kjelda 2012 - ute no

Kjelda nr 3, 2012
Julenummeret av "Kjelda" ligg snart i postkasser rundt omkring i landet. Bladet er inne i sin 21. årgang. Som vanleg er det fylt med variert og spanande stoff. Kjelda er det einaste fylkesdekkjande bladet for arkiv og historie i Sogn og Fjordane. Teikn deg som abonnent no. Då får du alle nummer i 2013, pluss vårt rikhaldige julenummer 2012. direkte i postkassa di.

45 menneskje omkom. 200 år sidan storskrea i Arnafjord i Vik

Nese i Arnafjord
I dag, 2. desember er det 200 år sidan ein stor skredulykke i Sogn. I år 1811 var det ei stor skredulukke på Nese i Arnafjorden i Vik. Skreda kravde 45 menneskeliv. Husa vart førte 600-700 meter ned til sjøen, og vrakrestar etter skreda vart funne heilt inn til Vangsnes.

Fylkesarkivet med ny nettstad

I dag, tysdag 1. november, lanserer fylkesarkivet ny nettstad.

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

Vegvisar til krigsminne på Ramsøy i Gudvangen.
Frå 1. oktober 2016 er Kjell-Ragnar Berge engasjert av Fylkesarkivet i ei 20% prosjektstilling med formål å utarbeide eit mest mulig komplett oversyn over alle krigsminne i fylket. Vidare skal det skrivast nye artiklar til Kulturhistorisk leksikon, og saman med allereie eksisterande artiklar skal desse brukast i ein krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane.

Slutt på salmesong i fylkestinget?

Elias Blix, mannen bak fedrelandssalmen
Torbjørn Vereide har teke til orde for å bryte tradisjonen med å starte og avslutte fylkestinget med salmen «Gud signe vårt dyre fedreland». Det er ikkje første gong fedrelandssalmen skaper diskusjon.

Avlevering av skisseblokker etter kunstmålaren Harald Seim

Kultursjef i Flora Edvin Helgheim og fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl
23. september avleverte kultursjefen i Flora Edvin Helgheim skisseblokker etter kunstmålaren Harald Seim. Avleverar er Foreninga til Einar og Harald Seims minne.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login