Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Nyhende

Lesesalen er stengt tysdag 15.12 2015

Vi stenger lesesalen tysdag pga. interne møte.

Kjelda

Framsida av Kjelda nr 3 2015
Julenummeret av Kjelda er no på veg ut til tingarane våre. Stoffet er som vanleg variert, og speglar aktiviteten på fylkesarkivet. I dette nummeret gjev det seg uttrykk i fleire artiklar om dei reisande.

Sokneprest Walnum - og dei reisande

Fotokollasj av tre biletet frå artikkelen
Fyrste del av Arkivdagen 2015 er over. Framsyninga Frå landevegen er vel attende på Det Norske Teatret. Del to av Arkivdagen 2015 er i gong. På nettsida vår http://www.fylkesarkiv.no/walnum vil framleis sokneprest Walnum - og dei reisande stå i fokus.

”Den siste roande omstreifar”

Aksel Larsen frå Askvoll i Sunnfjord vert rekna som ”den siste roande omstreifar”.

Møtet mellom kulturer: Splintene i Sogn og Fjordane

Kvar stammar eigentleg tatarane frå og kva levde dei av før i tida? Og korleis arta det seg når dei reisande tatarane møtte bøndene i Sogn og Fjordane? Denne artikkelen stod på trykk i Årbok frå Sogn i 2006. Publisert på fylkesarkiv.no med samtykke frå forfattaren, Marit Eide Utheim.

Arkivdagen 2015 – På nett og som teater i Leikanger kyrkje

Logo Arkivdagen 2015
Kvart år markerer arkiv-Noreg Arkivdagen. Føremålet med dagen er å vekke interesse for arkiv som samfunnsminne, både for fortid og framtid. Gjennom arkiva får vi mange inngangar til samfunnsutvikling, økonomisk og politisk historie, sosial historie og personalhistorie.

Reisande i Balestrand

«Sigøinertransport fra Svelgen». Fotograf: Ragnvald Oliver Riise.
Dei reisande har sett sterke spor etter seg i folkeminnet. Frå Balestrand vitnar fleire segner og historier om taterfølgja som eit stort trugsmål mot lokalbefolkninga.

Historiske bilete av dei reisande i Sogn og Fjordane

I fotosamlinga til Fylkesarkivet finn ein ulike bilete som dokumenterer dei reisande si historie i fylket. Dette gir oss eit godt innblikk i både kvardagsliv, tradisjonar og hendingar hjå dei reisande, men også haldningar og fordommar i samfunnet.

Avslutta med brigadeavslutning

Hefte om Tysklandsbrigaden til bruk i grunnskulen,
Dette var overskrifta i ei pressemelding frå fylkeskommunen nyleg. Åshild Kjelsnes har hatt sitt siste offisielle oppdrag som fylkesordførar. Det nytta ho til å vitje Tysklandsbrigadenes veteranforbund, avd. Sogn og Fjordane på Skei 3. oktober.

Årets besøk frå Leikanger ungdomsskule

Fylkesarkivaren skisserer dagens mål for elevane
Torsdag 1. oktober 2015 hadde vi det årlege besøket av 8.klasse frå Leikanger ungdomsskule. Vi er stolte over at vi er blitt ein fast del av skulen sitt opplegg kvar bidige haust.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login