Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Stadnamn

180.000 stadnamn frå Sogn og Fjordane

Fylkesatlas / Rapport om stadnamn i Sogn og Fjordane
Du kan søke i 180.000 historiske stadnamn frå Sogn og Fjordane. Stadnamn er spanande, og kan gje verdfull informasjon om naturtilhøve, kulturhistorie, overtru, katastrofar og konflikt, og mykje mykje meir. Stadnamna er og viktige referansepunkt i terrenget som folk flest brukar kvar dag. Fylkesarkivet har gjennom 20 år samla inn, bearbeidd og digitalisert stadnamna. Dei er no tilgjenglege i eit eige kartgrensesnitt på nettet. Gå inn på http://www.fylkesatlas.no og finn dei ukjende stadnamna frå din heimstad.

Ny medarbeidar på Fylkesarkivet

Skanning av stadnamnskart
Denne veka fekk vi ny medarbeidar på Fylkesarkivet. Jadranka Kurtic skal jobbe med å skanne kart brukt i samband med kartfesting av stadnamn.

Spikkelasi

I siste Kjelda skreiv Kristian Solvang om stadnamnet Spikkelasisva i Luster. Turid Nåtedal har kontakta oss, og sendt oppskrifter på spikkelasi.

1 600 stadnamn i Gulen frå Henrik Arne Losnegaard

Kommunevåpenet til Gulen kommune
Fylkesarkivet har fått tilgang til 1 600 stadnamn frå Gulen. Dette er namn frå hovudoppgåva " Stadnamn frå Eivindvik" av Henrik Arne Losnegaard. Oppgåva er skriven ved Universitetet i Bergen og innlevert i 1981.

Stadnamnmøte i Luster

Heile 45 deltakarar møtte fram i rådhuset
Stadnamngruppa: Arne Kvalen, Olav Stølen og Bjørg Hovland representerer kvart sitt sogelag: Hafslo sogelag, Jostedal historielag og Luster sogelag

Stadnamnmøte i Gaupne

Kommunevåpenet til Luster kommune
Henting av stadnamnmateriale

Eidsvollsmann i stadnamn

Eidsvollsmann i stadnamn
No kan du finne om lag 8 000 stadnamn for Sunndal kommune i Møre og Romsdal både på kart på www.fylkesatlas.no og i databasesøk.

Stadnamna for Haram kommune

Haram kommune i Møre og Romsdal har no fått ut 7040 stadnamn på Internett. Namna blei samla inn i 1980-åra og er no tilgjengelege via karttenesta www.fylkesatlas.no. Dette er resultat av eit samarbeid mellom Kulturnett Møre og Romsdal og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login