Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Om Førde i kulturhistorisk leksikon

Kirkevollen er eit av dei to freda embetsmannshusa i Førde - Futegarden på Bruland er det andre, og ligg vakkert til ved Løken med kyrkja i ryggen. Det staslege huset har ei uklår fortid, men vart kanskje bygd på Svanøy sist på 1700-talet.
Frå 1960-åra har det gått føre seg ei omfattande samanslåing av bankar i større og større einingar. Denne prosessen starta først på 1970-talet i Sogn og Fjordane, og resulterte i fylkesbanken Sparebanken Sogn og Fjordane i 1988 med hovudsete i Førde. Dette vart den største bankeininga i fylket, i 2001 representert i 19 av 26 kommunar.
Sunnfjord Hotell vart opna i 1968. Initiativet var lokalt, mange mindre lokale aksjonærar stod bak, og Førde sine innbyggjarar har alltid vore ei viktig kundegruppe i det mest sentralt plasserte hotellet i Sogn og Fjordane.
Med årstalet 1524 rissa inn på ein stokk, har vi eit handfast haldepunkt for alderen til dette vesle huset på Fletene i Holsen. Mest truleg har vi her å gjere med det eldste gardshuset i Førde kommune.
Avisa Firda er i dag den klårt største avisa i fylket, og den einaste dagsavisa. Opplaget var i år 2000 på 14 628. Avisa dekkjer Sunnfjord, ytre Sogn og delar av Nordfjord, men tek mål av seg til å bli ei avis for heile fylket.
Kapteinsgarden Ytre Skei er den av gardane på Skei som har lengst samanhengande busetnad av embetsmenn, heile 250 år, dei fleste militære. Hovudbygningen har ei lang og skiftande historie, der dei eldste delane er vel 200 år gamle.
Gamlebanken er det folkelege namnet på huset Førde Sparebank bygde i 1901 og tok i bruk i 1902. Det ligg i Kyrkjevegen 9, og er eit særmerkt bygg i Førde sentrum. Det vart nytta av banken i 62 år, og til ymse kommunale føremål heile tida.
Prestegarden i Førde har truleg alltid lege på staden der den gamle prestebustaden framleis står, 350 m søraust for kyrkja på kanten av ein terrasse. I dag ligg det gamle prestegardshuset noko einsamt att mellom Førdehuset og ungdomsskulen, medan presten bur på den gamle skrivargarden.
Førde Hotell er i dag nummer 2-hotellet i Førde, men har lengst tradisjonar. På gamle foto frå Førde er hotellet nesten alltid med, både sidan det låg idyllisk til ved elva, og fordi dei omreisande fotografane som Knudsen og Lindahl budde på hotellet.
Sorenskrivargarden Volden er den einaste embetsmannsgarden i Førde som framleis husar ein embetsmann, men no er det presten som bur her. Kontorbygningen på tunet kan vere det eldste huset i Førde sentrum. Ti sorenskrivarar budde på Volden frå 1855 til 1971, og dessutan ein kjend diktar.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login