Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Om Gulen i kulturhistorisk leksikon

Mjømna kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på øya Mjømna, langt vest i Gulen kommune. Kyrkja, som har 310 sitjeplassar, vart vigsla 5. november 1901 av biskop Johan Willoch Erichsen. Anders Korsvold, frå Gulen, var både arkitekt og byggmeister. Kyrkja er soknekyrkje for Mjømna sokn i Gulen prestegjeld. Soknet vart oppretta ved kongeleg resolusjon av 23. juni 1900.
På 1800-talet braut det ut to koleraepidemiar i Norge, i 1831 og 1848. Den fyrste nådde ikkje Vestlandet, men den andre herja stygt i Bergen og Sunnhordland. I Sogn og Fjordane døydde 14 menneske i Gulen. Dei vart gravlagde på særleg utpeika gravstader. Vel 150 år seinare er det framleis spor etter to av desse koleragravstadene.
Børholmen ligg heilt ut mot havet like sør for innløpet til Sognefjorden. Holmen ligg mellom Kversøy i vest og Grima og Lomannsøy i aust. Trass i den nære kontakten med Nordsjøen, ligg holmen lunt til for dei fleste vindar og i le for havdønningane. På austsida av Børholmen finn vi den gamle handels- og gjestgjevarstaden.
Lengst nordvest på Sandøy, på noko som ein gong var ei lita øy, men som no er knytt saman med hovudøya av ei fylling, ligg Skjerjehamn. Staden ligg i skipsleia gjennom Gulen som går mellom Sandøy og Mjømna. Skjerjehamn skal ha vore handelsstad frå gamal tid.
Glavær ligg like sør for innløpet til Sognefjorden mellom Hille og Hisarøy. Glavær er i røynda fleire øyar, og på søre Glavær låg gjestgjevarstaden. Den indre skipsleia går rett utanfor Glavær. Frå dei eldste tider har her vore båthamn for seglande og roande. Søre Glavær har truleg den beste småbåthamna i Gulen. Fyrst og fremst var det jektene som søkte hit medan dei venta på god bør.
To gamle steinkrossar i Eivindvik har truleg opplevd både Gulatinget og innføringa av kristendommen. Ein av dei har elegante, bogne kantar og står på Krossteigen i bakken opp frå kommunehuset.
Gulen kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Eivindvik. Kyrkja, som har 700 sitjeplassar, vart vigsla 13. desember 1863 av prost Thomas Eriksen. Arkitekt Georg Andreas Bull laga teikningane. Gulen kyrkje er soknekyrkje for Gulen sokn og hovudkyrkje i Gulen prestegjeld.
Det staselege kvite huset nedanfor kyrkja i Eivindvik vert kalla Herresalen og var bustadhuset til "Eivindvigens anden skaber", prost Niels Griis Alstrup Dahl (1778 - 1852).
Alt i mai 1940 kom tyskarane til Rutledal og bygde eit anlegg for utskyting av torpedoar. Seinare starta bygginga av eit kystfort, og infanterisoldatar kom også til Rutledal.
I juni 1942 sende tyskarane evakueringsordre til eigarane av dei fire gardsbruka på Rise, og dei fekk tre dagar på seg til å pakke og flytte bort frå garden. Det skulle byggjast kystfort.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login