Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Om Jølster i kulturhistorisk leksikon

Anders Viken (1898-1977) var spelemann og komponist frå Jølster, og komponerte kring 500 slåttar. Han fekk òg utvikla ei hardingfele som fekk namnet Idealfela, - ein kombinasjon mellom hardingfele og vanleg fele.
"Paulsmusikken" er eit omgrep i folkemusikken i Sogn og Fjordane. Denne tittelen skriv seg attende til garden Paulen i Jølster, der ein syskenflokk talde ni; tre jenter og seks gutar. Foreldra heitte Ola Paulen, Jølster og Helga, fødd Mykland i Breim. Musikken hadde ein sentral plass i familien. Alle var svært musikalske og alle brørne spelte fele.
Med eit dusin hus på sin opphavlege plass, er Midttunet eit særmerkt kulturminne. Men det har ikkje vore lett å få dette anlegget fullt ut tilgjengeleg for publikum.
Jølster har mange gamle stovehus. Eit av dei største er Kjøsnesstova, også kalla Bydalsstova, i dag eitt av mange freda hus i Jølster. I si tid var ho stove på garden Kjøsnes, og nytta til samkome i grenda. Stova vart i 1926 flytta ut av tunet og sidan nytta som hytte.
Etter å ha blitt flytta i alle fall fire gonger, har den gamle Liastova på Befringsstøylen vorte nytta som hytte sidan 1936.
På bruk nr. 2 på garden Stølen i Jølster står eit loft frå seinmellomalderen. Bygningsmessig ser ikkje huset ut som eit loft, men det hadde funksjon som loft i gardstunet i eldre tid.
Ålhus kyrkje vart bygd i 1795, på same tomta som ei stavkyrkje frå mellomalderen. Stavkyrkja var då i svært dårleg tilstand. Den nye Ålhus-kyrkja vart restaurert i 1868 og på ny i åra 1947-1951. I våpenhuset er det ei dør som seiest å vera frå borga til Hugleik Hugleikson.
Helgheim kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg på garden Helgheim på nordsida av Jølstravatnet. Kyrkja, som har 500 sitjeplassar, vart vigsla 28. november 1877 av biskop Peter Hersleb Graah Birkeland. Arkitekt var Jacob Wilhelm Nordan (1842-1892). Helgheim kyrkje er soknekyrkje for Helgheim sokn i Jølster prestegjeld.
På den tidlegare bygselplassen Lyngneset under Dvergsdalen i Jølster står det ei minnestøtte over Dannebrogsmannen Per Kleppe. Per vart dekorert med eit heidersteikn av Dannebrogs-ordenen for ein særleg prestasjon i "Svenskekrigen" i 1808.
Gustav Indrebø, filolog, stadnamnekspert, målgranskar og målreisingsmann, døydde i 1942, berre 53 år gamal. Han voks opp i Sunnfjord og hadde heile livet nær tilknytning til Jølster. I Florø er det ei "Professor Indrebøs gate". I Årdal i Jølster vart det i 1955 reist ein minnestein.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login