Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Om Luster i kulturhistorisk leksikon

I lange tider var Veitastrondi ei av dei mest avsidesliggjande og avstengde bygdene i fylket. Det var langt og strevsamt å komma seg til nabobygdene, kyrkja og ned til sjøen. Nærmaste handelsplass var Solvorn - fleire mil unna.
Indre del av "gamle" Luster kommune hadde i hovudsak båtsamband med omverda fram til 1917, då vegen mellom Nes og Røneid gjorde det mogeleg å ha landeverts samband med nabokommunane Hafslo og Jostedalen. Det var isvanskar på fjorden som gjorde det naudsynt å få til eit skikkeleg vegsamband.
På fjellstølane i Turtagrø-området brukte dei torv som brensel når dei ysta. Fleire stader blei det sett opp eigne bygningar til turking og lagring. Etter at stølinga tok slutt på 1950-talet, kom torvhusa i forfall og ramla saman. Nokre eldsjeler såg dette og tykte det var for gale. Dei gjekk i gang med restaureringsarbeid.
Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke) valde fem utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Det står minnesteinar på tre av dei i Sogn, og minnetavle over den fjerde på Sunnmøre. Den femte er det ikkje reist minnestein over, men det står ein stasleg jernkross på grava hans i Solvorn.
Garden Døsen ligg på vestsida av Lustrafjorden ved osen av Døsjelvi, eit stykkje sør for Dale kyrkje. Døsen grensar til Nygard i sør og Dale i nord. Midt gjennom tunet går riksveg 55 - hovudvegen mellom Sogn og Gudbrandsdalen.
I dag er det berre restar att av det som var den viktige telefonlinjekursen over Sognefjellet. På Korpen, høgste punktet på fjellovergangen, står det att fem - seks stolpar, men elles viser berre steinkar og stolpehol kvar linjekursen ein gong gjekk. To gamle oppsynshytter står også att: Prestesteinshytta ved Prestesteinsvatnet og Galgebergshytta ved riksvegen på Galgeberg.
Ved Dale kyrkje står det ein vel 4 meter høg stein på ei av gravene. På steinen er det hogge inn HANS VIGDAL 1855-1903. Emnet til steinen vart kila ut or ei svær steinblokk som losna høgt oppe i Fivlenosi og rasa heilt ned i Dalsdalen. Vigdals Sva opp mot Store Skagastølstind har fått namnet sitt etter Hans Vigdal.
Filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike bygde seg hytte på nordaustsida av Eidsvatnet i Skjolden og budde her periodevis i mange år frå 1914. I 1984 vart det reist eit minnesmerke om han ved riksvegen på sørvestsida av vatnet.
Tett ved bilvegen til Nigardsbreen ligg eit meir enn hundre år gamalt kvernhus. Denne kverna var i bruk til kring 1950. I 1979 fòr kvernhuset i den store flaumen, men nokre år etterpå var det på plass att, - takka vere Jostedal Historielag.
Framfor omsorgssenteret i Dale i Luster står ein ruvande minnestein over ein mann som vart vide kjend for stor innsats innan idrett og friluftsliv, forsvarssak, målsak og den frilynde ungdomslagsrørsla. Henrik August Angell (1861-1922) vart fødd og voks opp i Luster. Familien flytta til Bergen då han var 10 år gamal.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login