Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

«Då klokka klang...» Arkivdagen 2016

«Då klokka klang...» Arkivdagen 2016

Historisk bilete ca 1935-1939. Tre jenter hoppar paradis i Sogndalsfjøra.
Tre jenter hoppar paradis i Sogndalsfjøra ca. 1935-1939. Fotograf: Ukjend. Kjelde: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Skisse frå leseboka Da klokka klang, Gyldendal norsk forlag 1968.
Frå leseboka Da klokka klang, Gyldendal norsk forlag 1968.
Raudrutete skuleveske frå ca. 1960. Eigar: Sunfjord Museum
Raudrutete skuleveske frå ca. 1960. Eigar: Sunfjord Museum
Laurdag 12 november kl.11-16:30 markerar Fylkesarkivet og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane den nasjonale arkivdagen! Tema i år er «Då klokka klang», og vi tenkjer då sjølvsagt på skuleklokka. Vi vil invitere alle som er interessert i skulehistorie til Leikanger for ein lærerik dag med skuleminner og fagleg påfyll.

Glimt frå programmet:

Musikkverkstad: Leik og musikk i skulen

Ta den ring, Fager kveldsol smiler, O du som metter, Elle melle - songleikar, salmar, bordvers, rim og regler sit i minna. Musikken, og særleg songen, har til alle tider vore ein viktig del av skulen, både i klasserommet og i skulegarden. På denne verkstaden presenterer musikkarkivet materiale frå samlingane sine, og kanskje har du ein song, ei regle eller ein leik du vil dele med oss?

 

Skuleverkstad: Korleis kan du bidra i skuleprosjektet?

Fylkesarkivet og fylkeskommunen kartlegg og formidlar skulehistoria i Sogn og Fjordane. Prosjektet Skulen min treng di hjelp! Sit du på kunnskap eller vil dele dine skuleminner. Kom å få ei innføring i korleis du kan bidra. Her kan du lære å laste opp bilete og skrive artiklar på nett.

 

Skulemysteriet Sogn og Fjordane

Gunnar Yttri frå Høgskulen i Sogn og Fjordane kjem og trekk dei historiske linjene i skulehistoria til Sogn og Fjordane. Kanskje har han eit svar på kvifor vi gjer det så bra!

 

Dykk i arkivet

Fylkesarkivet viser fram skattar frå skulearkiva. Bli med på omvising i magasinet til Fylkesarkivet og sjå nærare på kjeldene vi brukar i arbeidet med å kartleggje skulehistoria. Ei lita lærebokutstilling kan vi også by på.

 

Meir utfyllande program kjem snart.

 

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login