Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Øivind Berghs minnepris til Erlend Apneseth

Øivind Berghs minnepris til Erlend Apneseth

Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
Erlend Apneseth (foto: Vegard Fimland)
Hardingfelespelaren Erlend Apneseth (24) frå Jølster i Sogn og Fjordane får tildelt Øivind Bergh sin minnepris for 2014. Den tradisjonelle minneprisen blir delt ut Peer Gynt-stemnet på Vinstra i august.

Øivind Bergh sin minnepris går til unge lovande fiolinistar. Minneprisen har ein verdi på 25 000 kroner, og er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt as, etterkomarane av Øivind Bergh og Sparebank 1 Gudbrandsdal. 

– Erlend Apneseth er av dei beste folkemusikarane i landet i dag. Dei siste åra har han etablert seg med eit meir moderne uttrykk der han søker seg mot improvisert musikk og samtidsmusikk, stadig med utgangspunkt i klangane frå hardingfela og folkemusikken, seier May Brit Støve i Peer Gynt as.

Prisen blir delt ut i samband med høgfjellskonserten ”Ved Rondane” den 8.august. I år er det Kringkastingsorkesteret, solistar, alvekor og skodespelar Ketil Høegh som framfører ein scenisk versjon av ”En Midtsommernattsdrøm” av Shakespear og Mendelssohn. Prisen blir delt ut av Rolf Lennart Stensø. Han er orkesterleiar av det same orkesteret som var under Øivind Bergh si leiing i 30 år.

Om prisen

Prisen har vorte utdelt under det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra sidan 1989. Øivind Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976, og var ofte i Gudbrandsdalen etter det. Han vart fascinert av lokale spelemenn, og året etter at han gjekk bort, vart minneprisen oppretta. Da var det eit samarbeid mellom Peer Gynt as og etterkomarane av Øivind Bergh. 

Årets jury er samansett av Trude Bergh (frå familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt as). 

Tidlegare vinnarar

1989: Annbjørg Lien
1990: Elise Båtnes
1991: Arve Moen Bergset
1992: Mari Eggen
1993: Egil Syversbråthen
1994: Per Sæmund Bjørkum
1995: Åshild Breie Nyhus
1996: Cristian Borlaug
1997: Åse Teigland
1998: Per Anders Buen Garnås
1999: Øystein O. Rudi
2000: Andreas Skeie Ljones
2001: Ola Kvernberg
2002: Øyvind Flaarønning Smidt
2003: Jorunn Marie Rypdal Kvernberg
2004: Gjermund Larsen
2005: Jan Beitohaugen Granli
2006: Ragnhild Hemsing
2007: Eldbjørg Hemsing 
2008: Ragnhild Furebotten
2010: Alexander Aga Røynstrand
2011: Bjørn Kåre Odde
2012: Guro Kleven Hagen
2013: Eivind Holtsmark Ringstad 
2014: Erlend Apneseth

Det er folkemusikk.no som melder dette.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login