Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

”Den siste roande omstreifar”

”Den siste roande omstreifar”

Blekkenslagar Aksel Larson med dottera Matilde Kristine.
Aksel Larsen frå Askvoll i Sunnfjord vert rekna som ”den siste roande omstreifar”.

Aksel vart fødd i Askvoll i 1882, og i folketeljinga for 1910 budde Aksel Larsen med kona Berthe i ei kjellarleilegheit i Absalon Beiersgt. 4 i Bergen. Han står oppført som blikkenslagar og Berthe som blikkenslagarhustru. Seinare flytta dei to til Folkestad i Askvoll. I «Årvikstova», ei lita hytte med kjøken, stue og loft, hadde Aksel også verkstad og laga blikkvarer som bærplukkarar, spann og mjølkespann.

Med jamne mellomrom lasta han færingen med varer og var ofte vekke i fjorten dagar om gongen. Han rodde ofte til Solund, av og til til Nordfjord, innover Sognefjorden og ein sjeldan gong sørover til Bergen. «Aksel Larsen, roande omstreifar av eit finare slag, sette merke etter seg langs kysten frå Måløy til Bergen, frå Solund til Lærdal. I 62 år sleit han tofta og var skippar på eiga skute» fortel eit avisutklipp frå Bergens Tidende i 1971.

Lenker/kjelder

 

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login