Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Arkivdagen 2015 – På nett og som teater i Leikanger kyrkje

Arkivdagen 2015 – På nett og som teater i Leikanger kyrkje

Logo Arkivdagen 2015
Bilete i svart/kvitt av Jakob Walnum.
Sokneprest Jakob Walnum, ei brennande eldsjel og «Omstreifarmisjonens» far.
Bilete i svart/kvitt av born framfor Sogns Barneheim i Leikanger.
Sogns Barneheim i Leikanger, den fyrste barneheimen Walnum fekk etablert. Denne barneheimen var ikkje retta mot taterborna, men tanken og ideen om å redde dei fattige uskuldige sjelene for Herren og gjere dei til nyttige samfunnsborgarar gjennom disiplin og Guds ord, var den same.
Bilete av skodespelar Gjertrud Jynge på scena med ein musikar i bakgrunnen.
Gjertrud Jynge, tippoldebarnet til Walnum, i teaterstykket «Frå Landevegen». Ho har fått sers gode kritikkar for dette stykket. Fotograf: Dag Jenssen
Kvart år markerer arkiv-Noreg Arkivdagen. Føremålet med dagen er å vekke interesse for arkiv som samfunnsminne, både for fortid og framtid. Gjennom arkiva får vi mange inngangar til samfunnsutvikling, økonomisk og politisk historie, sosial historie og personalhistorie.

Vår nære og triste historie

2015 er året då statsminister Solberg og Kirkens Sosialteneste offisielt bad romani/taterfolket om orsaking for alt det vonde staten og «Omstreifarmisjonen» har utsett dette folket for heilt opp til vår tid. Det same gjorde administrerande direktør for Kommunenes sentralforbund, Lasse Hansen. Kommunane hadde ansvaret for at taterbarn vart tekne frå foreldra utan gyldig grunn.  «Det handlar om diskriminering. Det handlar om ting som me gjorde og ikkje burde ha gjort», sa han.

2015 er også året då skodespelar ved Det Norske Teatret, Gjertrud Jynge, fekk sett opp teaterframsyninga Frå Landevegen. Jynge er tippoldebarnet til Jakob Walnum, tidlegare sokneprest i Leikanger, som etablerte denne statsstøtta misjonen. Jynge fortel ei sterk historie om eit møte med tippoldefaren. Han var farmora hennar sin store stoltheit, riddaren av 1. klasse av St. Olavs orden med gravmonument på Vår Frelsers Gravlund, humanisten og velgjeraren som ville hjelpe folk i naud.

Då Jynge byrja å grave litt i tippoldefaren sitt liv, steig det eit anna bilete fram. Jynge fortel ei historie om korleis det som var sett på som rett ut frå dåtida, kunne ta ei så feil retning gjennom ein brutal fornorskingspolitikk av eit folk og deira kultur. Denne politikken varde heilt opp til 1980-talet, i ei tid der tidsånda skulle vere annleis i møte med andre kulturar og deira levesett. Stykket er såleis høgaktuelt og kallar på refleksjonar om dagens sosialpolitikk. Vil den  tole å bli sett under historias lys om 100 år ? Kvar vil våre blinde flekkar vere i møtet med dei som ikkje fell inn under den norske standarden, t.d. dei med annleis kultur, språk og levesett som alt bur i landet og dei som kjem til landet vårt i desse dagar?

Lokal tilknyting

Det var i Leikanger at tankane om å redde taterbarna frå livet på landevegen starta for Jakob Walnum. Ideen om å redde desse barna fekk han til å etablere Foreningen til Motarbeidelse av Omstreifervesenet. Han fekk statleg økonomisk støtte av Jakob Sverdrup, tidlegare sokneprest i Leikanger, fetter og kyrkjestatsråd, til dette.  Walnum forlèt  difor kallet som sokneprest i Leikanger for å vie seg fullt og heilt for tatersaka. Jakob  Walnum vart ein høgt dekorert og æra person i si samtid, men ein langt meir omdiskutert person i vår tid gjennom arbeidet med dei reisande. Denne personen og hans virke ynskjer vi å sjå nærmare på samband med Arkivdagen 2015. Gjennom kjelder, litteratur og teater ynskjer vi å formidle vår lokale og nasjonale historie der Walnum står i fokus.    

Arkivspor lokalt og nasjonalt

Jakob Walnum rakk å setje mange spor etter seg i distriktet, lokalsamfunnet og dermed i arkiva våre dei åra han var sokneprest i Leikanger. Han hadde eit stort kristeleg-sosialt engasjement, han var ein ukuelege optimist, han tenkte stort og hadde ein brennande virketrong for å tene sin Gud gjennom byggjande verksemd.

Vi finn han i arkiva våre som prest med dåtidas verdslege verv innan fattigstyre og skulestyre, som grunder og etablerer av Sogns barneheim, den fyrste og einaste i fylket, og som eit brennande organisasjonsmenneske. Walnum var fælen over drikkeskikkane til sogningane og alt det negative ovdrykken førte til. Han vart difor pådrivar innan fråhaldsrørsla både regionalt og lokalt.  Aldri har det vore så mange avhaldsmenneske i Leikanger som i Walnum si tid. I ein kommune med om lag 2600 menneske var 200 medlemmer i Leikanger totalavhaldsforeining . Han var engasjert i den kristne ungdomslagsrørsla, søndagsskuleorganisasjonen både lokalt og regionalt, den lokale og regionale indremisjonsrørsla og jammen finn vi han i arkivet etter Sogns Turistforening også. Den byggjande verksemda hans strekte seg vide, men var heilt i tråd med tidsånda der pietistane stod for mykje samfunnsbyggjande verksemd.    

På Riksarkivet står det eit arkiv på 55 hyllemeter, arkivet etter misjonen med dei mange namna; Foreningen til Motarbeidelse av Omstreifervesenet, seinare Den Norske Omstreifermisjon og  til sist Norsk Misjon Blant Hjemløse eller berre Misjonen. Arkivet strekkjer seg over mest 100 år, frå 1893 – 1990 og fortel om eit mørkt og lite påakta kapittel i norsk sosialhistorie. Det var denne misjonen Walnum starta og som skulle bli livoppgåva hans.

Arkivdagen 2015

Tradisjonelt markerer vi  Arkivdagen i eigen regi, med omvising i magasina, utstillingar, foredrag og liknande. Denne gongen har vi har delt årets markering i to. Fellesnemnaren vil vere sokneprest Walnum. Den eine bolken vil  presentere Walnum, dei reisande og dei spora Walnum har sett etter seg i arkiva våre gjennom digital formidling.  Den andre bolken vil vere eit samarbeidsprosjekt med soknerådet i Leikanger om teaterframsyning i Leikanger kyrkje 8.november. Det Norske Teatret kjem då eins ærend og viser stykket Frå landevegen. Gjertrud Jynge har arbeidd seg gjennom mykje litteratur basert på primærkjelder om tippoldefaren og Omstreifarmisjonen, og ho tykkjer det er stor stas å få vere med å markere arkivdagen 2015. I tillegg vil det sjølvsagt vere ei spesiell oppleving for henne å kome til Leikanger kyrkje.

Teaterframsyninga vil vere ein annleis historietime der både lokalhistorie og nasjonal historie spelar saman gjennom Walnum. Fylkesarkivet ynskjer på denne måten å kunne utvide målgruppa og auke opplevinga gjennom ei meir kreativ arkiv- og historieformidling.

Mange gode støttespelarar

Det Norske Teatret kjem eins ærend til Leikanger i samband med Arkivdagen. Sjølv om dei har teke seg minimalt betalt, kostar dette pengar. Vi har difor søkt ekstern støtte og fått ein overveldande respons. Fylkesarkivet vil sende eit stor takk til dei mange økonomiske bidragsytarane til teaterframsyninga: Leikanger kommune, Systrond sogelag, Historikarforeininga i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune v/kulturavdelinga og Sparebankforeininga i Sogn og Fjordane.

Kjelder/litteratur:

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login