Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Avlyst: Arkivdykk og seminar 17. september

Avlyst: Arkivdykk og seminar 17. september

Folkemusikksamlaren Arne Bjørndal gjer innsamlingsarbeid hjå felespelar og songar Kristoffer Teige frå Hyllestad.
Det viser seg at 17. september er ein dato som dessverre høver dårleg for mange av dei som ønskjer å delta på arkivdykk og seminar. Grunna få stadfesta påmeldingar har vi difor avgjort å utsetje det planlagde seminaret til 2017. Meir informasjon om nytt tidspunkt og opplegg vil kome på facebook og heimesida vår. Vi minner samstundes om at det er høve til å besøke musikkarkivet på Fylkeshuset i Leikanger, og oppmodar alle som har spørsmål og/eller musikk de ønskjer å lytte til om å ta kontakt med musikkarkivar Synnøve S. Bjørset på synnove.s.bjorset@sfj.no eller tlf. 908 52 334

Lurer du på kva kjeldemateriale musikkarkivet forvaltar? Korleis finn du fram i musikkarkivet? Korleis kan du bidra med innsamlingsarbeid? Dette, og mykje meir, kan du få svaret på om du møter opp på Skei i Jølster laurdag 17. september, 11:00-16:00.

 

 

 

 

 

 

Tema for dagen


Presentasjon av musikkarkivet og tradisjonsmusikksamlinga 

- kva arkivmateriale forvaltar vi og kva arbeider vi med? 

Arkivdykk 

- vi lyttar til opptak med utøvarar frå heile fylket 

Korleis bruke musikkarkivet?

- søk i webarkiv (arkivkatalog på nett) 

- tinging av arkivmateriale 

Innsamlingsarbeid og avlevering 

- korleis gjere innsamlingsarbeid? 

- korleis avlevere lyd/film til musikkarkivet?


Seminaret er gratis og ope for alle interesserte!
Vi legg opp til felles lunsj (betalast av deltakarane sjølv).

Påmelding til Sogn og Fjordane folkemusikklag (ingrid@folkemusikklaget.no) innan 9. september.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login