Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Brann i Heradshus

Brann i Heradshus

På bilete ser vi arkivleiar og skadestadsleiar under inspeksjonen saman med Fylk
På bilete ser vi arkivleiar og skadestadsleiar under inspeksjonen saman med Fylkesarkivet.
I frå sikringsaksjonen til Fylkesarkivet i 1987
I frå sikringsaksjonen til Fylkesarkivet i 1987
Natt til 11. august opplevde Gloppen kommune marerittet. Heradshuset sto i brann og eitt av dei spørsmål som raskt melde seg var: Kva med arkiva?

Fylkesarkivet inspiserte heradshuset 12. august saman med arkivleiar i kommunen. Sjølv om skadane er omfattande på, ser det heldigvis ut som det stort sett er gått bra med det arkivverdige materialet i den forstand at det ikkje er brent opp. Så godt som alle eldre, bevaringsverdige arkiv er teke hand om av Fylkesarkivet tidlegare, og plassert i magasin i Sogn. Likevel står det ein god del nyare arkiv i heradshuset som har fått omfattande fukt, røyk og brannskadar. Det ser imidertid ut som om det meste av dette vil kunne restaurerast. Fylkesarkivet er i desse dagar i gang med å kartlegge skadeomfanget og berge det materiale som det hastar mest å ta hand om.

På hovudbilete ser vi arkivleiar og skadestadsleiar under inspeksjonen saman med Fylkesarkivet. På dei to andre bileta ser vi Fylkesarkivrepresentantar i aksjon i 1987. Hermund Kleppa øvst i full gang med å sortere ut det bevaringsverdig materiale. Bjørn Bering nedst i gang med å bere materiale utfrå Heradshuset i Gloppen til "eit tryggare tilvære" Fotografar: Ragnar H. Albertsen (øverste bilete) Hermund Kleppa (nederste bilete)

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login