Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Britt Pernille Frøholm: "Mitt arkiv"

Britt Pernille Frøholm: "Mitt arkiv"

Foto: Ole Eltvik
Foto: Ole Eltivk
Kan gamalt arkivmateriale bli til noko flunkande nytt? I artikkelserien «Mitt arkiv» kan du lese om korleis utøvande og skapande musikarar brukar arkivkjelder i sitt kunstnarlege arbeid. Gjennom korte intervju med musikarar og komponistar med tilknyting til Sogn og Fjordane set vi søkjelyset på arkivet som kjelde til nyskaping og kreativitet.

 

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal spelar like gjerne samtidsmusikk som tradisjonelle slåttar frå heimbygda i Nordfjord. Med hardingfele og fele som hovudinstrument har ho dei siste åra gjeve ut ei rekkje kritkarroste plater, både solo og saman med trioen Maar, mfl. Ho har i dag Sør-Fron som base for frilansverksemda si, og nyleg fekk ho tildelt arbeidsstipend frå Oppland fylkeskommune.

- Arkivet er ei viktig samling med mykje interessant musikk og historie, og eg blir aldri ferdig med å leite der.

Variasjonar og variantar

Frøholm nyttar ofte arkivet når ho er nysgjerrig og på leit etter ny musikk, anten det er for å lære slåttar til bruk på eigne innspelingar, eller berre for å lytte til ulike utøvarar og uttrykk.

- Det er alltid interessant å finne att ulike slåtteformer av same slått, og spennande å høyre variasjonar i spel frå bygd til bygd. Og høyr berre kor ulikt Jon Rosenlid og Samuel Bergset utvikla seg stilistisk, trass i at dei begge gjekk i lære hjå same læremeister!

Den eldste lyden

I musikkarkivet er det registrert innspelingar med ei rekkje spelemenn frå Nordfjord, og Frøholm trekkjer fram opptaka med Jens K. Maurseth (1863-1927) som heilt unike. I 1921 spelte han inn fleire slåttar på voksrull (fonografrull), og dette er dei tidlegaste opptaka av folkemusikk vi kjenner til frå fylket. I 2008 vart desse opptaka gjevne ut på plata «Historisk sus», saman med opptak av Rolf Myklebust og Alfred Maurstad.

Rikt kjeldetilfang frå Nordfjord

Felespelarane Alfred Maurstad, Jon Rosenlid, Lars Hjellbakk, Leif Thomasgaard – lista over inspirasjonskjeldene til Frøholm er lang.

- Hamborgarspelet til Einar Henden er av høg klasse! Men det er ikkje berre felespelet som er verd å lytte til. Høyr til dømes på songarane Elling Seljeset, Marta Seljeset Frøland og Andreas Vinsrygg. For ikkje å gløyme gravferdssongane til Samuel Lødemel.

Å bli minna på…

Frøholm har vore heldig som har fått oppleve og lære direkte frå fleire kjelder. Likevel gjev det henne nye idear og inspirasjon å jobbe med arkivmateriale.

- Eg brukar arkivopptaka for å lære nye slåttar, og som grunnlag for å komponere ny musikk. Men det er og ein måte å kome tilbake til der eg starta, og bli minna på korleis slåttane eigentleg var. Og kor sterke uttrykk ein kan klare å skape med ei enkel fele.

 

Høyre Britt Pernille Frøholm spele folketonen "Rik du er på kjære minne" etter Olina Nygård og ein springar etter Jon Bolstad, begge tradisjonelle melodiar frå Nordfjord.

Vil du vite meir?

Frøholm på Wikipedia  

Frøholm si heimeside

Frøholm si artistside på facebook     

Frøholm på SoundCloud   

 

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login