Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Bygdebøker på Internett

Bygdebøker på Internett

Bygdebok for Gaular
Bygdebok for Gaular
Slektsforsking er i vinden for tida. Før ein kastar seg ut i kjeldegranskinga, er det ofte lurt å gjere seg kjend med dei prenta ættesogene. Fleire av dei ligg tilgjengeleg på Internett.

Nasjonalbiblioteket er i gang med eit storstilt prosjekt for å digitalisere og publisere den norske bokheimen. Målet er at tenesta Bokhylla.no innan 2017 skal innehalde alle skrifter utgjevne i Noreg fram til og med år 2000. Dei opphavsrettslege sidene har blitt løyst ved ein avtale mellom Kopinor og Nasjonalbiblioteket.

På Bokhylla.no kan bøker som ikkje lenger er opphavsrettsleg beskytta bli lasta ned og skrivast ut. Dei andre bøkene kan du lese på nett dersom du har ei norsk IP-adresse.

Av ættesoger frå Sogn og Fjordane er i alle fall titlane under no tilgjengelege i fulltekst. Lista er neppe heilt komplett. Og fleire bøker kjem til ettersom prosjektet skrid fram.

Balestrand
Balestrand : band II - gards- og ættesoge, gard nr. 1-34 : gardssoger 1800-1985,
ættesoger 1850-1985/Gunnar Urtegaard; utgjevi av Balestrand kommune

Gaular
Bygdebok for Gaular.  B.5: Gardar og folk. Sande sokn / Jan Anders Timberlid

Hyllestad
Hyllestad bygdebok : soga om folket / Inger Kellmer

Høyanger
Ættebok for Kyrkjebø / A. Førsund

Luster
Gards- og ættesoge for Luster kommune . 5 . Jostedal sokn / Lars E. Øyane

Lærdal
Lærdal bygdebok. 2 : Heim og ætt Tønjum sokn : Galdane-Bø / Alfred Espe

Naustdal
Naustdal bygdebok : gards- og ættesoge, bd. II, gnr. 100-153 /  Geir Kleiveland

Solund
Solund : gards- og ættesoge til 1980 / Alf Steinsøy

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login