Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Dagens artikkel: Ei sjeldan grav - Fjokla Demjanova

Dagens artikkel: Ei sjeldan grav - Fjokla Demjanova

”Noreg takkar deg Fjokla Demjanova, ærer deg og minnest deg ved å gje deg ein fredfull kvileplass i Noregs jord.” Med desse orda slutta tidlegare ordførar i Eid, Olav Os, talen sin i gravferda til den russiske statsborgaren, Fjokla Demjanova. Det var i 1950. Kven var ho?

1950
Fredag 12. mai 1950 vart Fjokla Demjanova gravlagd på kyrkjegarden Stokkenes i Eid. Fjokla var russisk statsborgar som hadde vore i Noreg sidan 1902, først i Finnmark og frå kring 1910 i Sogn og Fjordane. Fjordabladet hadde nokre dagar seinare eit langt stykke om Fjokla Demanjova. Overskrifta var: ”Ei sjeldan gravferd”. Vi får høyra at mange var med i gravferda, vener og kjenningar ho hadde i Eid. Fjokla Demjanova var ein innvandrar i Noreg, med opphaldsløyve, lenge før innvandring og kulturelt mangfald vart vanleg frå slutten av 1900-talet.

Les heile artikkelen i Kulturhistorisk leksikon her:
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=119483

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login