Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Dagens artikkel: Fire fylkesmenn på flyttefot i perioden 1840 – 1862

Dagens artikkel: Fire fylkesmenn på flyttefot i perioden 1840 – 1862

Michael Conrad Sophus Emil Aubert (1811-1872). I hans tid hadde fylkesmansembetet postadresse Kaupanger 1852-1855, og Lærdalsøyri 1855-1860. Foto: ukjend
Nordre Bergenhus Amt (frå 1919 Sogn og Fjordane fylke) blei oppretta i 1763. I åra 1763-1939 var fylkesmannsembetet sin administrasjon nært knytt til fylkesmannen sin bustad. Den første fylkesmannen budde på Kaupanger. I åra 1771-1843 hadde Nordre Bergenhus amt adresse Bergen. Deretter følgde ein periode med skiftande adresser i Sogn og Fjordane før fylkesmannsembetet fekk adresse Nybø, Leikanger, frå 27. september 1862. Men kvar heldt fylkesmannsembetet til i perioden 1840-1862? Kva var adressa til Nordre Bergenhus amt? Oversynet her byggjer på gjennomgang av innkomen post til Nordre Bergenhus Amt.

Lite i trykte kjelder
Sogn og Fjordane hadde fire fylkesmenn i åra 1840- 1862/1863. Trykte kjelder har lite informasjon om kvar dei budde. Boka Engesæter og Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987): I ein tekst til eit bilete som viser Lærdalsøyri står det: «Frå 1840 til 1862 budde dei fleste fylkesmennene (..) her.». Boka Hans Seip: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. (1958): «Amtmann Kastrup (…) vart buande i Bergen til 1840, då han flutte til Lærdal. I Lærdal budde so han, amtmann Tostrup (1844-1852) og amtmann Aubert.» Bygdebøkene for Lærdal og Sogndal har bustad-opplysningar om ein av dei fire fylkesmennene, fylkesmann Aubert, bygdeboka for Leikanger om Falsen.

Les heile artikkelen i Kulturhistorisk leksikon her:
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=127742

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login