Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Dagens artikkel: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk

Dagens artikkel: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si adresse 2013: Hermansverk, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Det offisielle namnet på bygningen er: Statens Hus Sogn og Fjordane. Huset vart høgtideleg opna 12. mai 2005 av moderniseringsminister Morten Meyer. Foto: Hermund Kleppa
Fylkesmannen si historie er ein del av fylket si historie. Embetet går tilbake til 1763 då dei nordlegaste fogderia i Bergenhus stiftsamt blei utskilde som eige amt under namnet Nordre Bergenhus amt. Statsarkivet i Bergen har oppbevart eit rikt historisk arkivmateriale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Fylke - amt - fylke
Nemninga fylke om eit administrativt område slik me kjenner det i dag, er av etter måten ny dato. Før 1919 heitte fylka amt. Men går me lenger tilbake i tida, møter me fylke i store deler av landet for meir enn 1000 år sidan, t.d. Ryfylke der rygene budde og Firdafylket der firdene budde.

Eit fylke var eit lokalt område som omfatta fleire bygder og bygdelag, av og til også kalla herad. Fleire fylke danna større rettslege einingar, lagdøme, t.d. Gulatinget som på det meste omfatta heile Vestlandet. Riksmonumentet Haraldsstøtta i Haugesund er ein god, om enn forenkla, illustrasjon på dei eldste fylka. Dei 29 småstøttene rundt sentralsteinen skal symbolisera dei 29 sjølvstyrde einingane, "gamalnorske fylka", som Harald Hårfagre samla til eitt rike. To av steinane dekkjer Sogn og Fjordane. På den eine står Sygnafylki, på den andre Firdafylki.

Les heile artikkelen i Kulturhistorisk leksikon her:
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=108760

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login