Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Dagens artikkel: Sogn og Fjordane fylke - fylkesvåpenet

Dagens artikkel: Sogn og Fjordane fylke - fylkesvåpenet

Den 23. september 1983 fekk Sogn og Fjordane fylkesvåpenet sitt. Det skjedde ved kongeleg resolusjon, og ordlyden er: "På sølv grunn tre blå spissar mot venstre". Alle kjenner fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane. Me møter det i fylkeskommunen sitt flagg, på publikasjonar, på konvoluttar og brevark, på koppar og kar, på Nettet, og i mange andre samanhengar. Dei tre blå spissane inn "på sølv grunn" symboliserer dei tre dei tre fjordane Nordfjord, Sunnfjord (fjordane i Sunnfjord) og Sognefjorden. "Sølv grunn" kan assosierast med landskapseiningane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Fleire år
Det tok eit par-tre år før fylkesvåpenet vart endeleg godkjent i Statsråd, 23. september 1983. Fleire fylke hadde då alt fått ordna seg med fylkesvåpen. Ei fylkesmerkesnemnd overleverte 9.12.1981 fylkesutvalet ei innstilling med fem framlegg. Innstillinga vart oversendt kulturutvalet og fylkeskultursjefen fekk utarbeidd ferdige framlegg til våpenskjold. Framlegga vart vidare sende til Riksarkivet for førebels vurdering, som i brev av 1.3.1982 sa frå om at alle kunne brukast ut frå ei heraldisk vurdering.

Les heile artikkelen i Kulturhistorisk leksikon her:
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=110669

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login