Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Elin Grytting: "Mitt arkiv"

Elin Grytting: "Mitt arkiv"

Foto: Vegard Fimland
Elin Grytting gjer innsamlingsarbeid hjå Lars Ryssdal, Gloppen, i 1985. Lydopptaka er i dag trygt lagra i Fylkesarkivet si tradisjonsmusikksamling.

Trykk her for å lese alle artiklane i serien "Mitt arkiv".

Elin Grytting er ein kjend figur for mange i fylket vårt. Truleg har du møtt henne som engasjert formidlar av songarven vår i barnehagen, på skulen, på eldresenteret, på konsertscena, eller kanskje har du til og med vore på kurs med henne. Den tidlegare fylkesmusikaren arbeider for tida med alt det ho ikkje har fått tid til før; Lærer seg og lagar nye songar, skriv bok, held konsertar og mykje meir.

- Eg kan ikkje få prisa dei nok, dei som starta med innsamling så tidleg at songtradisjonen med sine alderdomlege trekk er dokumentert på lyd! Det har gjort at eg har kunne nytte lydopptaka som ein læringsarena for syngemåte og stiltrekk. Bruk av talemål og dialekt inn i songen og tonane. Det «u-rytmiske», men likevel organiske, i måten å forme melodiane på, fortel Grytting, som sjølv har arbeidd ved musikkarkivet som både frivillig og tilsett.

Kjærleik og jublande song

Grytting vaks opp i Bærum, men kjærleiken førde henne til Gloppen og Nordfjord. Samstundes har ho sterke familieband til Aurland og Sogn, og det fall difor naturleg for henne å fordjupe seg i songarven frå fleire delar av fylket. Men ein favoritt har det likevel blitt.

- Den viktigaste kjelda for meg har vore Paul Berstad frå Selje. På 1970-talet fekk eg høyre nokre opptak mannen min hadde gjort frå radio, og eg vart hekta! Paul hadde ein slik utovervend og jublande måte å syngje på. Dei vakre melodiane med den særskilde ornamenteringa tiltala meg, og då eg seinare fekk møte Paul fleire gongar, fekk eg verkeleg sansen for songen hans.

I musikkarkivet har vi ein rik dokumentasjon av songen til Paul Berstad, og her kan vi høyre både rim, regler, barnesongar, religiøse folketonar og viser om kvardag, fest og høgtid. På denne måten fortel også songarven etter Berstad noko om tida han levde i og om vår felles historie.

Songar med eige liv

Mange utøvarar brukar kjeldematerialet i musikkarkivet som inspirasjon og idèbank for forming av eige uttrykk, og legg vinn på å gjere materialet til sitt eige. For Grytting har innfallsvinkelen vore annleis.

- Eg har vore oppteken av at eg skulle lære eit repertoar og ein syngemåte så detaljert som mogleg, med alle krullar og halvhøge tonar. Dette liknar kanskje litt på korleis traderingsprosessen var før; Born og vaksne var naturleg mykje saman, songen var i dagleg bruk, og ungane lærde songane anten dei ville eller ikkje.

Samstundes har det skapande vore sterkt tilstade, og det å forme eigne melodiar har alltid vore ein del av arbeidet hennar med musikken.

- Nokre av melodiane eg har laga lever no sitt eige liv. Du skjønar, eg brukar ikkje å fortelje at det er eg som har laga dei, fortel Grytting og ler.

Arkivet som døropnar til familien sin songarv

I arkivet har Grytting funne mange skattar. Stemmer, songar og fortal som har teke merksemda hennar, og som ho med stor respekt har forsøkt å lære og forstå.

- Eg fann eit opptak folkemusikksamlaren Arne Bjørndal hadde gjort av mormor sin song. Det var berre denne eine songen, men det skulle vise seg at mor mi hadde ei rekkje songar frå oppveksten sin i Aurland. Slik vart dette opptaket frå arkivet ein fantastisk døropnar til familien sin songarv. Dette har sjølvsagt vore viktig for meg å ta i vare gjennom eige bruk.

Stemmer frå kvar krik og krok i fylket vårt

Grytting har lytta til og fordjupa seg i både songen, musikken og dansen, og har difor fått brei kunnskap om dei mangfaldige tradisjonane i Sogn og Fjordane.

- Det har vore viktig for meg å sjå heile dette kulturfeltet samla, og på den måten erfart og opplevd at det heng saman. Det er viktig kunnskap som eg har teke med meg inn i arbeidet med opplæring og undervisning. Dette overblikket har også vore nødvendig og nyttig i arbeidet med å tolke noteoppskrifter.

Og kanskje er det noko i det Grytting sier:

- Arkivet er ein særs viktig institusjon som må brukast. For det er her Sogn og Fjordane sin kulturelle og musikalske grunnmur, sjølve DNA-et, ligg.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login