Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Fauske-samlinga vert digitalisert

Fauske-samlinga vert digitalisert

Fotoarkivarane Elin Østevik og Ragnar Albertsen. Foto: Ragnar Albertsen.
Fotoarkivarane Elin Østevik og Ragnar Albertsen. Foto: Ragnar Albertsen.
Denne veka vart eit billass med glasplatenegativ etter fotograf Olai Fauske frå Førde frakta frå Leikanger til Ålesund for digitalisering. I løpet av to intensive arbeidsdagar vart dei 1000 første glasplatenegativa reinsa og digitalisert av fotoarkivarane Ragnar Albertsen og Elin Østevik.

Fotograf Olai Fauske (1887-1944) frå Ervik i Naustdal var einerådande som fotograf i Førde-regionen først på 1900-talet. Fauske fotograferte ikkje berre i atelieret sitt i Førde, men reiste også mykje rundt og fotograferte både i Førde og elles i Sunnfjord. Dei vel 8000 negativa ette Fauske skal no digitalierast som del av prosjektet "Samlinga etter fotograf Olai Fauske". Prosjektet, som også har som målsetjing å gjere bedriftsarkivet og gjenstandssamlinga etter Fauske tilgjengeleg på nett, er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet og Sunnfjord Museum. Arbeidet med å digitalisere negativa har vi gitt i oppdrag til FylkesFotoarkivet i Møre og Romsdal.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login