Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Fotograf Reppen på Flickr

Fotograf Reppen på Flickr

Tårnhuset i Sogndalsfjøra. Fotograf: Nils O. Reppen.
Tårnhuset i Sogndalsfjøra. Fotograf: Nils O. Reppen.
Øvre Njøs på Leikanger. Fotograf: Nils O. Reppen.
Øvre Njøs på Leikanger. Fotograf: Nils O. Reppen.
Utsikt over Låvi i Aurland, ca. 1898. Fotograf: Nils O. Reppen.
Utsikt over Låvi i Aurland, ca. 1898. Fotograf: Nils O. Reppen.
Samlinga etter fotograf Nils O. Reppen (1856-1925) frå Sogndal er no digitalisert , og eit utval på 100 stereofotografi frå samlinga er gjort tilgjengeleg på Fylkesarkivet sin Flickr-profil.

Nils O. Reppen vart fødd på garden Reppen i Sogndalsdalen. Han var odelsgut, men brukte nok meir tid på andre aktivitetar enn gardsarbeid. I 1882 utvandrar han til USA for første gong. Han slår seg ned i Minnesota og arbeidar som fotograf i Browns Valley. Etter nokre år kjem han tilbake til Noreg, for så å reise til USA igjen i 1895. Kring 1898 er han tilbake i Sogndal igjen. Han overtek då det såkalla tårnhuset i Sogndalsfjøra og etablerer fotoatelier der.

Då tårnhuset brann ned til grunnen i 1965 gjekk størsteparten av Reppen sitt negativarkiv tapt. Men heldigvis var i underkant av 400 glasplatenegativ satt vekk andre stader. Det er desse negativa som no er digitalisert. Platene gir eit unikt innblikk i gard og grend i Sogn i tida rundt førre århundreskifte. I tillegg fortel samlinga oss at det ikkje berre er i Sogn Reppen har fotografert. Så langt har vi identifisert bilete frå mellom anna  Stavanger, Bergen og Trondheim.

Samlinga er under registrering, men allereie no kan du sjå alle bileta på nettsidene våre. Eit utval på 100 stereofotografi frå samlinga er dessutan gjort fritt tilgjeneleg på Flickr-profilen vår. Tips oss om du har opplysningar til bileta!

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login