Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Gro Marie Svidal: "Mitt arkiv"

Gro Marie Svidal: "Mitt arkiv"

Foto: Martin Hugne
Foto: Andreas Eikseth Nygjerde
Kan gamalt arkivmateriale bli til noko flunkande nytt? I artikkelserien «Mitt arkiv» kan du lese om korleis utøvande og skapande musikarar brukar arkivkjelder i sitt kunstnarlege arbeid. Gjennom korte intervju med musikarar og komponistar med tilknyting til Sogn og Fjordane set vi søkjelyset på arkivet som kjelde til nyskaping og kreativitet.

Gro Marie Svidal frå Jølster er utdanna hardingfelespelar frå Ole Bull Akademiet og Norges musikkhøgskole, og arbeider i dag som frilansar innan både musikk, danse- og teaterfeltet.  I 2014 vart ho kåra til Norgesmeister på hardingfele, og i januar slapp ho si andre soloplate; Eilov.

- Arkivet er ei av fleire kjelder til kunnskap og inspirasjon. Tek ein seg tid, finn ein alltid mykje spennande der.

Perspektiv på ein tradisjon

Svidal har først og fremst nytta arkivmateriale for å finne nytt repertoar, og dei historiske lydopptaka har opna for å gje eit djupare perspektiv på tradisjonen ho står i.

- Eg synest det er spennande å lytte på opptak av eldre utøvarar og finne ut korleis dei tolka slåttane eg spelar sjølv. Men også korleis den enkelte formar sitt uttrykk. I lys av den kunnskapen eg har om tida dei ulike utøvarane levde i,  kva som var moderne og stilskapande, er det interessant å følgje utviklinga fram til i dag. Mykje har endra seg på kort tid, ikkje minst i val av repertoar.

Meir enn ein slått

Lyden av ein slått er ikkje berre ein melodi, det er lyden av ein bestemt måte å spele melodien på. Den klingande musikken er eit komplekst resultatet av ei rekkje val, både medvitne og mindre medvitne, og difor kan det aldri låte heilt likt om to ulike utøvarar spelar den same melodien.

- Dersom eg høyrer noko eg likar, så tek eg det med meg inn i mitt eige spel. Det kan vere frasering, rytmeforståing av ein slått, ornamentikk eller klangeleg fargelegging.

Trådar samlast

Hardingfela er spelemannen si stemme, og ei flott fele laga i 1861 av E.J. Helland får ofte vere Svidal si stemme. Ho arva fela etter Alf Åsnes (1895-1982) i Fjaler, ein utøvar vi har registrert fleire opptak med i musikkarkivet.

- På den første plata mi framfører eg eit kjømeistervers etter Alf Åsnes og broren Jonas Åsnes. Alf spelte verset på fele, medan Jonas song. Begge opptaka gav grunnlag til tolkinga mi, og det var eit veldig spennande arbeid. Og ikkje minst var det moro å spele inn verset på det same instrumentet som Alf sjølv nytta!

Dansemusikken

Historiske opptak av musikk og dans har gjerne ulike opptakskontekstar, som til dømes kappleiksframføringar eller heimebesøk hos utøvaren. Og dei ulike situasjonane påverkar utøvaren og pregar det som blir framført. Spel til dans let gjerne annleis enn spel på konsert, og dans på lokalet ser annleis ut enn dans på kappleiksscena.

- I samband med prosjektet Bygda dansar har eg hatt gleda av å arbeide tett på eit arkiv og sett på mykje opptak av dans. Det  vart for meg endå ein ny innfallsvinkel til forståinga av musikken. Og musikken på danseopptak er veldig interessant i seg sjølv. For meg heng musikken og dansen tett saman, og ofte går eg nettopp vegen via dansen for å finne mi tolking av slåtten.

 

Gro Marie Svidal playing "Sumarkveld i Jotunheimen" from Gro Marie Svidal on Vimeo.

 

Svidal på Wikipedia

Svidal si heimeside

Svidal si artistside på facebook

Svidal si side på SoundCloud

 

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login