Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Ledig stilling som arkivar - kommunale arkiv

Ledig stilling som arkivar - kommunale arkiv

Ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er det no ledig fast stilling som arkivar - kommunale arkiv.

 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane skal ta vare på og formidle arkiv og kjelder om Sogn og Fjordane. Vi samarbeider tett med kommunar, bibliotek og museum, og vi legg stor vekt på å utvikle gode tenester til kommunane og innbyggjarane. Fylkesarkivet har eit omfattande digitalt tilbod. Publikumstenestene våre er høgt prioriterte og vert nytta av mange. Fylkesarkivet har ledig ei fast stilling som:

Arkivar – kommunale arkiv

Jobben er ein del av kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Hovudansvarsområdet for stillinga er knytt til eldre og avslutta arkiv. Personen vi søker er tiltenkt eit hovudansvar for depotfunksjonen til dei offentlege arkiva. Dette inneber at vedkommande skal ta avgjerder om disponering av areal, hyllekapasitet og oppstilling i depotet. Vedkommande skal lage planar for korleis ein skal drive depotet og lage rutinar og prosedyrar som avdelinga skal rette seg etter.

 

Les fullstendig stillingsutlysing og søk på stillinga her:

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login