Studere arkivmateriale?
Dersom du ønskjer innsyn i arkivmateriale, må du avtale med tid med ein sakshandsamar på førehand. Dette for at vi skal leggje til rette og finne fram det du ønskjer å sjå av arkivmateriale.


Bruke biblioteket?
På lesesalen finn du og ei samling med lokalhistoriske bøker og trykksaker. Boksamlinga er delt inn i fogderi, fylke og dei 26 kommunane. I tillegg har vi faglitteratur og tidsskrift innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvaltning og arkiv. 

Lesesalen inneheld og ei mindre samling mikrofilma folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser.

Bøker, tidsskrift og mikrofilmar er registrerte i ein elektronisk base. Her har du mange søkjemuligheiter på bøker og andre medium.

Søk i Fylkesarkivet sitt bibliotek (vel avdeling Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).

 

På lesesalen står det ein pc med tilgang til Internett. Her kan du søkje Fylkesarkivet sine webarkiv og anna på nett.

Du kan òg ta med di eiga datamaskin og koble deg til gjestenettverket vårt.

Kontakt oss om du har spørsmål knytt til lesesalen og biblioteket, eller om du ynskjer å sjå på arkivmateriale.