Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Ny medarbeidar på Fylkesarkivet

Ny medarbeidar på Fylkesarkivet

Skanning av stadnamnskart
Skanning av stadnamnskart
Jadranka Kurtic
Jadranka Kurtic
Kart frå Hyllestad kommune, er i ferd med å bli digitalisert
Kart frå Hyllestad kommune, er i ferd med å bli digitalisert
Denne veka fekk vi ny medarbeidar på Fylkesarkivet. Jadranka Kurtic skal jobbe med å skanne kart brukt i samband med kartfesting av stadnamn.

Denne veka fekk vi ny medarbeidar på Fylkesarkivet. Jadranka Kurtic skal jobbe med å skanne kart brukt i samband med kartfesting av stadnamn.

Jadranka kjem opphaveleg frå Slovenia, har 5 års tofaglige diplomstudier (tilsvarende mastergrad i Norge) innan faga geografi og kultursosiologi ved Universitet i Ljubljana, Slovenia. I tillegg har Jadranka vidareutdanning innan geografiske informasjonssystem hjå Høgskolen i Nord-Trøndelag.

Georeferering av kart

Det er ein viktig jobb som Jadranka no har starta på. Først vil ho skanne kart med stadnamn, før jobben med georeferering av kart kan byrje. Å georeferere karta betyr at ein tek bilete inn i kartløysinga, finn fleire kjende punkt som stemmer mellom bakgrunnskart og bilete, og brukar det deretter til å lagra biletet riktig geografisk.

Dette er ein ny og moderne måte for oss å arbeide med karta på som kan erstatte det elektroniske kartbordet som er i bruk i dag. Arbeidet Jadranka utfører sikrar informasjon for ettertida, og vil samstundes styrke og effektivisere arbeidet med stadnamn hjå oss.

Vi er svært glade for at Jadranka vil arbeide hjå oss i sumar.

 

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login