Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Programslepp for Førdefestivalen 2014

Programslepp for Førdefestivalen 2014

Førdefestivalen 25 år
Førdefestivalen 25 år
3. april er det programslepp for den 25. Førdefestivalen i rekkja.

Det er jubileum og gjensynsglede i fokus når den største festivalen i Skandinavia for akustisk verdsmusikk slepper programmet for 2014. -Det mest lokale er det mest globale i følgje Hilde Bjørkum. 2.-6. juli feirar festivalen ho er direktør for 25 år som kulturell smeltedigel. I løpet av desse åra har 6000 musikarar frå 120 land stått på scena under Førdefestivalen i kraft av å ta vare på og utvikle musikktradisjonane sine. I år har festivalen gjort si eiga historie til tema: Lokal-Global i 25 år!

Når Førdefestivalen i år set fokus på folkemusikk i globalt perspektiv, ser dei både bakover og framover. Lokal-global er også visjonen til festivalen, som har gjort det til sitt varemerke å presentere eit breiare spekter av musikktradisjonar enn nokon annan festival i Norge. –Det er eit mål, og ei glede, å overraske. Førdefestivalen vil gje publikum noko dei ikkje visste dei ville ha, fortel direktør Hilde Bjørkum, som har leia festivalen sidan starten i 1989.

Jubileum og gjensynsglede

I jubileumsåret inviterer festivalen til gjensyn med nokre av dei største publikumsfavorittane opp gjennom åra. Mellom anna Bassekou Kouyaté frå Mali. Han har «globalisert» tradisjonsinstrumentet ngoni, og gjort internasjonal karriere på sin lokale musikktradisjon. Le Trio Joubran kjem tilbake. I 10 år har dei tre brødrene rørt publikum i heile verda med virtuouse konsertar. Legendene i Taraf de Haïdouks frå Romania, vitja festivalen allereie i 1991, og gav publikum både gåsehud og bakoversveis med sin energi og speleglede. Taraf de Haïdouks ER sigøynarmusikk i følgje Bjørkum, og var ikkje eit sekund i tvil om at dei måtte tilbake. Sjølvskrivne jubileumsartistar er også JPP, ein av dei største internasjonale suksessane i finsk folkemusikk. Dei gjorde furore på den aller første festivalen i 1990.

Supergruppa String Sisters, Annbjørg Lien sine «søstre i boge og streng» (Sigrid Moldestad) er også klare for ny konsert i Førde.Denne gongen skal dei fylle Festplassen ved Jølstra med sin fengjande keltisk-inspirerte musikk. Fredagskvelden inviterer festivalen til ny storkonsert med fadostjerna Ana Moura, som kjem med større band og nye songar. Same kveld får publikum oppleve inderleg og vakker fleirstemt song i Førde kyrkje,med Divna og hennar vokalensemble frå Serbia.

Sjeldne musikkmøte

Når Hilde Bjørkum legg program for Førdefestivalen, har ho alltid eit særleg auge for artistar og stemmer som ikkje så lett kjem til orde. –Dette er fanesak for oss, fortel Bjørkum. Situasjonen er vanskeleg for mange artistar, av ulike grunnar. Til dømes for søstrene Mahsa og Marjan Vahdat. I persisk musikk er dei eit fenomen, men fordi dei er kvinner, forbyr iransk lov dei å opptre offentleg i heimlandet Iran. Dei brukar songen i kampen om betre kår for iranske kvinner. Med seg på laget under årets festival har dei Nils Økland, Sigbjørn Apeland og Gjermund Silset.

Nye produksjonar

Nye produksjonar står også på programmet i Førde i år. Kong Nor er ei framsyning i høve Grunnlovsjubileet, og Førdefestivalen er ein av fleire initiativtakarar til denne kombinerte danse- og musikkteaterframsyninga med leiande folkemusikkutøvarar frå heile landet. Festivalen samlar også eit knippe av Sogn og Fjordane sine folkemusikkstjerner til ein konsert som har tittelen Draumelaget Sogn og Fjordane. Her blir det solo-, duo- og samspel med mellom andre Unni Løvlid, Sigrid Moldestad, Erlend Apneseth og Karl Seglem.

Sterke duoformat

Duoen Sudan Dudan, med Marit Karlberg og Anders Røine, får kritikarar til å overgå kvarandre med superlativ. I Førde vert deira musikalske møtpe mellom Apalachane og Jotunheimen, framført i intime omgjevnader på Sunnfjord Museum. I tillegg til tidligare annonserte duoar som Jorun Marie Kvernberg og Øyvind Sandum, er det sterke tospannet Jon Anders Halvorsen og Tore Bruvoll no tilbake med fleire middelalderballadar og mystiske viser frå Telemark.

Nye opplevingar i vente

Etter den storslagne jubileumsgallakonserten, der festivalen samlar Gjensynsglede-artistane, står fire internasjonale topp-band klare med ein heftig musikalsk meny på Rica Sunnfjord Hotel & Spa: Uimotståelege latinorytmar servert av Soneros de Verdad. Suggererande amazighmusikk frå berberdronninga Cherifa. Hekla Stålstrenga kjem med sin eigen heklamusikk og Kapp Verde sitt festband nummer ein, Ferro Gaita, vil fylle dansegolvet med eggande funana-rytmar. I første etasje på same hotell, «ferierer» Gabriel Fliflet med sitt Columbi Egg, og byr på internasjonal klubbstemning av beste merke både fredag og laurdag.

Gratis jubileumskonsert

For å feire sine første 25 år inviterer Førdefestivalen til ein gratis jubileumskonsert på Torgscena med King Ayisoba frå Ghana. Bandet kjem rett frå Roskildefestivalen i Danmark. Med ein transeliknande vest-afrikanske musikk og dans, set dei farge på eit kvart festivalprogram. Fargerike og ekstatiske er også Amsterdam Klezmer Band, som byr på livleg klezmermusikk på Førde sitt nyaste torg, Langebrutorget. Her blir det folkefest!

Det er Førdefestivalen som skriv dette i ei pressemelding. Årets Førdefestival er frå 2. til 6. juli.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login