Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Reisande i Balestrand

Reisande i Balestrand

«Sigøinertransport fra Svelgen». Fotograf: Ragnvald Oliver Riise.
«Sigøinertransport fra Svelgen» Båten har truleg nyss gått frå Kjelkeneskaia i Svelgen. Fotograf: Ragnvald Oliver Riise.
Dei reisande har sett sterke spor etter seg i folkeminnet. Frå Balestrand vitnar fleire segner og historier om taterfølgja som eit stort trugsmål mot lokalbefolkninga.

Sanningsgehalten i historiene som fylgjer under er uviss. To av dei inneheld drap, men er ikkje datert, og difor vanskeleg å få stadfesta. At dei reisande tok livet av to jenter, berre i Sværefjorden, er truleg ein myte. Men segnene fortel i alle fall om ei frykt for taterfølgja.

Sjur Bøyum

Sjur Bøyum samla i åra 1930-21 inn folkeminne frå Balestrand. Under overskrifta "Fantar" finn vi desse segnene:

Sværa-urdi er forleggjande stor. Ein stad i denne urdi heldt det seg fantar i lang tid, og dei var til stor plaga for folk. Det skal vera ope i urdi like frå strandi og oppunder fjellet. Inngangen til fantebustaden ligg slik til at ein berre kan koma inn når det er fjøra. Ovanfrå laut dei glida over ei stor hella når dei vilde nedi.

Eingong for ei gjenta oppunder fjellet og leitte etter geitene, og ho såg fantane der. Men då tok dei og drap henne. Dei vilde ikkje at ho skulde fortelja um dei. Eingong skulde tvo av desse fantane burti Sværen og stela mat. Ei gjenta på garden skulde burti stabburet og henta noko mjøl, eller kva det no var. Då ho gjekk upp stabburstroppi, so var det ein som treiv burti føtene hennar. Men ho  var ikkje bubbaredd. Ho sa berre: «Stygge katten hans husbond ligg og klorar». So gjekk ho inni stabburet, og då tok ho nedi luggen på hin fanten. «Å nei, kjenn ulli hennar matmor kor våt ho er», sa ho. So gjekk ho innatt i stova og fortalde kva som hadde bore til. Karfolki skunda seg av stad og tok dei. Dei vart stegla.

Det skulde liggja ein stor skatt gøymd inni urdi. Det skulde stå tre kjelar uppi einannan, og i den inste låg skatten. Det skulde liggja ein hund uppi øvste kjelen og vakta på pengane. Før dei vart stegla, baud fantane seg til å syna kvar skatten låg, men ingen torde fylgja med.

I gamle dagar var det støl uppe i Øykjabotn på Farnes. Eingong kom det nokre fantar upp på stølen, og dei truga budeia etter mat. Ho rømde ned etter lidi, og kom ned til ei seild (sæld) som heiter Fureflaten. Fantane fekk tak i fletta hennar der, og so gjorde dei ende på henne.

Ein gong var det eit par fantekjerringar inne i stova hjå han Sjur Boyadn og tigga. Han Sjur kom inn og sa: «Ha dikka ut atte, far ikkje soleis og tigga». Den eine kjerringi sa då: «Du skal sjølv ha skaden av at du jagar oss ut, for i kveld skal du missa beste kyri di». Um kvelden fann dei kyri uppe i Lauvhogstrane med avbroten fot.

Anders Skåsheim

I arkivet etter Anders Skåsheim finst det eit brev ein bonde i Thorsnes, også det i Sværefjorden, som fortel om hendingar frå gammalt av. Brevet er frå 1956:

Den 29. juli 56 var du her for å snakka med oss bøndenee på Thorsnes om det me kunde hugsa fortalt av ældre folk om ymse hende frå gamal tid ad: Thorsnes og Thorsnesstølene. Eg gløymde då å fortelja eit hende, som Anders Johannes Thorsnes født 1815 og han hadde sagt til min far Ola E. Thorsnes født 1858 at ældre folk hadde fortalt, at for ca 100 år før deira tid var det eit stort fantafylgje som og var nemnt for røvarpakk – lagde seg til på Thorsnesstølen i lenger tid og herja der på ymse vis til stor skrekk og plaga for budeiorna. Av stølsprodukter tok dei alt som dei sjølv vilde ha – slakta buskapen til eige bruk – og til hundane sine, men so vart det slik at mykje av geiterne mangla og budeierne bad fantane, om ei av dei kunde få gå til fjells å finna dei att, ei av budeiorne fekk lov til det. Budeia fekk då høve til å varsla bygdefolket heima, om tilhøva på Thorsnesstølen. Bøndene i Sværefjorden reiste bevæpna og med hestar til Thorsnesstølen for å jaga eller fanga pakke. (Sværen hadde visstnok i den tid og støl på Thorsnesstølen) Fantafylgje skulde overgi seg utan betingelse og utan nemnande kamp til bønderne. Manfolki vart butne med hendene bak på ryggen og sett fast i salane på hestane med reip. Opp frå Thorsnesstølen til Varden er ca 600 meter motbakke – her nøyte fantane alle høve til å spenna mot stein og tubbar, men måtte likavel fylgja med hestane til topps der varden står og vidare heimover klyvjavegen langs ved Skarvatnet, ned Sværaskaret og til Sværen. Derifrå skulde heila fantafylgje sendast i båt til ein eller annan lensmann. Det var nemnt at budeia frå Kabusa, ein stor stein øvst i Sværaskaret bles på luren varselsignal ned til Sværen, om at budeier og buskap var i stor fare på Thorsnesstølen. Kabusa er ca ½ time snøgg gonga frå Thorsnesstølen. Frå Kabusa til Sværen er det ca ½ times snøgg gonga.

Anders Johanesen Thorsnes fortalde og min far at eingong i seinare tid enn som før nemt, var det og eit fantefylgje som var mykje brysam for budeiene på Thorsnesstølen, og måtte da ogso varsla heimafolki om tilhøva på stølen, og var det sendt mannskap heimanfrå byggdi å få vekk fantapakke, som da byggdakarane kom til Varamyrane i nærleiken av Varden hadde fantane slege leir der, og reiste friviljugt med heim til Sværaskaret og ned til Sværen og vidare på fantavis frå byggd til byggd vistnok. I høve særskilte fåresignal heim til byggdi skulde budeiorne bruka lurblåst, som den gong skulde vera mykje i bruk på avsides fjellstøla som Thorsnesstølen elles og andre stølar – mogelegt at budeiene brukte lur når dei varsla om dei nemde fantafylgje på Thorsnesstølen. I det her nemnde fantafylgje var 30 personar menn, kvinner og barn.

Kjelder
- SFF-88069 Bøyum, Sjur
- SFF-88047 Skåsheim, Anders

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login