Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Resultat frå Landskappleiken 2014

Resultat frå Landskappleiken 2014

Landskappleiken 2014
Landskappleiken 2014
Gro Marie Svidal (Indre Sunnfjord Spelemannslag) vann eliteklassa for spel hardingfele, medan Mathilde Skjæret (Jostedal Spel- og dansarlag) vart nest best i spel hardingfele klasse C. I klassa for lagspel senior vart Gamlebanken Spelemannslag nummer 4.

Årets Landskappleik fann stad på Geilo, øvst i Halligdal, midt mellom Oslo og Bergen, frå onsdag 25. til sundag 29. juni. 

I eliteklassa for spel hardingfele hevda fleire utøvarar frå Sogn og Fjordane seg. Gro Marie Svidal vann eliteklassa, medan Synnøve S. Bjørset vart nummer 5 og Erlend Apneseth nummer 6. Alle tre representerer Indre Sunnfjord Spelemannslag. Mathilde Skjæret og Kine Svori representerer Jostedal Spel- og dansarlag, og kunne begge syne til gode resultat i C-klassa for spel hardingfele. Skjæret vart nummer 2, medan Svori vart nummer 5. 

Elles gjekk kongepokalen i eldre folkemusikkinstrument til Ole Aastad Bråten (Vårflaumen Spel- og dansarlag). Bråten spelar langeleik, og arbeider til dagleg som leiar for kulturhistorisk seksjon hjå Valdres Folkemuseum på Fagernes. Odd Nordstoga (FolkOrg) gjekk heilt til topps i elitekassa for vokal.

Sjå heile resultatlista for Landskappleiken på Geilo her.

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login