Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Skrivande bønder i Hornindal

Skrivande bønder i Hornindal

Horningdalen efter den Sorte død.
Horningdalen efter den Sorte død. Ei segn om korleis Hornindal vart bygd på nytt etter Svartedauden, nedskriven av Rasmus Olsson Kirkhorn
Jostein Fet har ved si gransking av den litterære kulturen mellom ålmugen på Nordvestlandet endra vår forståing av lese- og skrivekunna til bønder i tidleg moderne tid. Eit viktig kjeldegrunnlag i boka Skrivande bønder var gardsarkivet frå Kirkhorn i Hornindal.

Jostein Fet leverte i fjor haust grunnlagsmaterialet frå Kirkhorn-arkivet  til Hornindal bibliotek. Det består av sju permar med kopiar, avskrifter, kommentarar og saksopplysingar. I tillegg kjem eit hefte med reinskrift av alt Knut Rasmusson Kirkhorn (1757-1787) etterlet seg.

Fylkesarkivet fekk så spørsmål om vi kunne tenkje oss å ta materialet inn til registrering, og kanskje digitalisere utvalde delar av det, slik at det vert tilgjengeleg for ålmenta. Det sa vi sjølvsagt ja til.

Arkivet ligg no på Arkivportalen, som er den nasjonale inngangen til arkiv her i landet. Vi har i tillegg digitalisert heftet Visebøkene frå Kirkhorn: tekstar nedskrivne av Knut Rasmusson Kirkhorn i Hornindalen(1757-1787), som også er tilgjengeleg via Arkivportalen.

Kor mykje meir som vil bli skanna før vi leverer attende arkivet, er framleis litt uklart. Kopiane av sjølve gardsarkivet vil nok ikkje bli digitalisert. Ei eventuell avfotografering av dette materialet bør bli gjort frå originalen, og ikkje fotostat-kopiar.

I fylgje Jostein Fet er materialet frå Kirkhorn unikt. Han kjenner ikkje til at det finst så rikhaldige gardsarkiv andre stader i landet. Kirkhorn-arkivet inneheld visesamlingar, brev, offentlege/halvoffentlege dokument m.m. frå fleire generasjonar på garden. Materialet er oppbevart privat hjå arkiveigar.

Dei norske historiedagane 2016 startar i Volda i dag, med skriftkultur som eitt av tema. Då er det naturleg at arbeidet til Fet vert trekt fram. Innsatsen han har lagt ned berre i dei to bøkene om lese- og skrivekunnige bønder er mest ikkje til å forstå. Kongens fortenestemedalje i gull, som han fekk i 2004, var i aller høgaste grad fortent.

Litteratur og kjelder
- SFF-2016117 Jostein Fet (Kirkhorn-arkivet)
- Skrivande bønder : skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login