Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Skuleprosjektet har vitja Flora kommune

Skuleprosjektet har vitja Flora kommune

Interiør i klasserom
Eit klasserom på den gamle skulen i Reksta, kjend som Rekstakjellaren. Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune. cc-by-sa
Bilete av det gamle skulehuset på Kinn
Skulehuset på Kinn har vorte DNT-hytte og er eigd av Flora turlag. Foto: Annette Langedal Holme/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. cc-by-sa
Skjermdump frå Instagram
Følg "Skulen min" på Instagram for fleire bilete. Du kan også bidra sjølv ved å merke ditt skulebilete med #skulenmin.
Skuleprosjektet «Skulen min» var i førre veke to dagar i Flora kommune. Formålet med turen var å komme i kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar og danne seg eit overblikk over den vidstrakte kommunen. Her kom vi i god dialog med skule, historielag og deleviljuge øybuarar.

Steinhovden skule

Først gjekk turen til Steinhovden skule som ligg ved Høydalsfjorden. Der held elevane på med sitt eige skulehistoriske prosjekt. Skuleelevane skal gi ut ei bok om gamle skuleminner frå området og er alt godt i gang med å samle inn forteljingar. Vi fekk møte elevane og presentere vårt skuleprosjekt og prate om korleis vi kunne dra nytte av kvarandre vidare.

Les meir om prosjektet "Skulehistorier med snert" i her.

Flora historielag

Turen gjekk vidare til Florø og eit møte med Flora historielag. Her fekk vi møte eit engasjert historielag og fekk sjå at det alt var lagt ned mykje arbeid for å kartleggje skulehistoria i kommunen. Historielaget var interessert i å bli med på skuleprosjektet og vi fekk planlagt eit folkemøte til hausten. Vidare avtalte vi at skuleprosjektet skal halde kurs for frivillige i lokalhistoriewiki.no til hausten.

Overnatting på Kinn skulehus

Prosjektet måtte sjølvsagt overnatte på DNT si turisthytte på Kinn, som opphaveleg var skulehus på øya (1920-1971). Det er kjekt å sjå at skulehusa har eit liv etter at skulen har flytta til nyare hus eller nye krinsar.

«Ein skule? Du kan få seks!»

Etter ei god natt på skulehuset på Kinn, tok vi turen over Kinnsundet til Rognaldsvåg. Her gjekk vi innom nærbutikken for å få litt informasjon om skulen i grenda. Og om vi fekk informasjon! Vi fekk raskt til svar at vi i alle fall kunne få seks plassar på øya der det vart halde skule. Vi fekk beskjed om å setje oss, kaffien kom på bordet og skulehistoria fløymde! Kundane som var innom for å handle til helga måtte ver så god stogge og fortelje det dei kunne. Det vart eit særs vellukka, dog ikkje planlagt, folkemøte.

Etterpå tok vi turen rundt på øya for å fotografere dei ulike skulestadane. Her kom vi på ny i prat med folk og fekk sjå inn i fleire gamle skulehus, høyre spanande minner frå skulen under 2. verdskrig og meir om det vidare livet til skulehusa.

Takk til grendene Rognaldsvåg og Reksta som tok imot skuleprosjektet på denne måten og villig delte skulehistoria si med oss. 

 

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login