Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Sogn og Fjordane fylke - oppretta i 1763

Sogn og Fjordane fylke - oppretta i 1763

Joachim de Knagenhielm (1727-1796) var den første amtmannen i Nordre Bergenhus, som fylket heitte då det vart oppretta i 1763.
Sogn og Fjordane fylke vart oppretta ved Kongeleg Resolusjon av 19. september 1763. Det som i røynda skjedde var at Bergenhus amt, oppretta i 1660, vart delt i to: Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt. Boka Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987) har eit kort kapittel om opprettinga

Kva var bakgrunnen?
I 1763 vart dei fire nordlegaste fogderia i Bergenhus stiftamt skilde ut som eit eige amt under namnet Nordre Bergenhus. Det var fogderia Indre og Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Det kan vera grunn til å stogga litt ved denne hendinga og spørja etter bakgrunnen for at desse fire fogderia no kom til å verta eit sams administrativt område. Var det fordi ein hadde klare tankar om at dette området utgjorde ei naturleg eining?

Joachim de Kangehjelm tok initiativet
Initiativet til delinga kom korkje frå stiftamtmann, sentralstyresmakter eller frå allmugen, men frå ein person som sterkt ynskte seg eit amtmannsembete. Denne personen var Joachim de Knagenhielm. Han var fødd i Kaupanger i 1727, hadde studert jus i København og hadde hatt fleire verv i offentleg teneste før han i 1760 vart fullmektig hjå stiftamtmannen i Bergen, Ulrik Fredrik de Cicignon. Med dette utgangspunktet tok han i 1762 tilå arbeida for sjølv å verta amtmann.

Les heile artikkelen i Kulturhistorisk leksikon her:
http://www.fylkesarkiv.no/kl/detalj/?id=110131

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login