Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Teaterframsyninga "frå landevegen" i Leikanger kyrkje

Teaterframsyninga "frå landevegen" i Leikanger kyrkje

Søndag 8.november kjem Det Norske Teateret til Leikanger kyrkje for vise framsyninga "frå landevegen".

Sterkt, sårt, personleg, tankevekkjande, brennande aktuelt og anleis historietime er nokre av karakteristikkane denne framsyninga får. I kyrkja der tippoldefaren, Jakob Walnum var prest frå 1884-1896, fortel skodespelar Gjertrud Jynge gjennom song, musikk og bilete historia om Jakob Walnum og hans arbeid med å kristne og tvangsbusetje taterfolket gjennom Omstreifarmisjonen. Walnum var hylla i samtida, men langt meir omdiskutert i notida for nettopp dette arbeidet.

I år har både statsministeren og Kirkens Sosialteneste offentleg bede taterane om orsakining for den brutale fornorskingspolitikken staten og kyrkja har stått bak. I Leikanger er Walnum kjend som soknepresten med eit glødande kristen-sosial engasjement, han som starta Sogns Barneheim. Og det var her i Leikanger interessa hans for taterfolket starta.

Framsyninga er ein del av arrangementet "arkivdagen 2015", som vert markert ved arkiv over heile landet. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har i år vald å bruka denne framsyninga som ein del av årets arrangement.

Vi takkar Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane, Systrond sogelag, Leikanger kommune og Historikarforeininga i Sogn og Fjordane for at vi no kan invitere til ein annleis historietime om ein del av vår sosialhistorie. Velkommen til Leikanger kyrkje 8.november kl.19.00. Billettar kan førehandstingast ved å kontakte Fylkesarkivet. Desse må hentast før kl.15.00 fredag 6.november. Frå kl.18.00 vert det billettsal i kyrkja.

Les meir om Jacob Walnum - prest og omstreifarmisjonær her

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login