Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har fått ny nettstad!

fylkesarkivet.no

Du er no på den gamle nettstaden og den vert ikkje lenger oppdatert med nytt innhald. Klikk på denne beskjeden for å besøke ny nettstad med siste nytt frå oss. Velkommen!

Vidar Underseth: Mitt arkiv

Vidar Underseth: Mitt arkiv

Foto: Vegard Fimland
Kan gamalt arkivmateriale bli til noko flunkande nytt? I artikkelserien «Mitt arkiv» kan du lese om korleis utøvande og skapande musikarar brukar arkivkjelder i sitt kunstnarlege arbeid. Gjennom korte intervju med musikarar og komponistar med tilknyting til Sogn og Fjordane set vi søkjelyset på arkivet som kjelde til nyskaping og kreativitet.

Trykk her for å lese alle artiklane i serien.

Frå ytste havgapet i Solund kjem ein kar som i dag har gjort sunnmøring av seg. Men ikkje heilt. For spelemann og dansar Vidar Underseth arbeider til dagleg som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane, i tillegg til å vere kulturskulelærar i Ålesund.

Alt i ungdomsdagane tok han til med felespelet, og fekk seinare gå i lære hjå jølstringen Sigmund Eikås. I dag er han ein allsidig utøvar som på kappleik har kvalifisert seg til eliteklassen for både hardingfele, fele, springardans, parhalling og lausdans. Desse merittane er han åleine om å ha!

- Arkivet er ei viktig kjelde der ein kan finne lokale slåttar og lytte på utøvarar for å få eit inntrykk av korleis dei spelte. På den måten vert det også lettare å tolke det materialet som berre ligg føre på notar.

Blekk på papir

Underseth er aktiv deltakar på kappleikar og konsertar, og der framfører han gjerne slåttar som han har tolka frå gamle notenedskrifter. Ikkje sjeldan har han oppdaga og løfta fram slåttar som spelemannskollegaer raskt har teke med seg vidare i eige repertoar.

-  Slåttane etter Peder Straumen (1854-1944) frå Solund og Anders Sagen (1829-1922) frå Kyrkjebø har vore viktige for meg, og det var folkemusikksamlaren Arne Bjørndal som sikra desse for ettertida då han skreiv dei ned på notar. Samstundes skulle eg ønskje det fans lydopptak – tenk om vi kunne fått høyre dei spele!

Ønskjet om å få lytte, ikkje berre lese, deler Underseth med mange. Før teknologien gjorde det mogleg å gjere opptak, var notane innsamlarane sitt viktigaste verktøy. Mange slåttar har blitt redda som blekk på eit papir, og ligg der klare for at vi skal oppdage dei på nytt.

- I mitt arbeid med dei gamle notane har eg eg lagt vinn på å lære slåttane slik dei er nedteikna, men etter kvart har eg nok sett litt personleg preg på dei også. Før eg oppdaga dette materialet hadde eg jo lært og høyrt på veldig mykje spel. Men det er likevel noko eige ved å gripe fatt i desse gamle notane.

Urørt musikk

I arbeidet med arkivmateriale vart Underseth overraska over kor mange slåttar som fins, men som ikkje er i bruk.

- Nokre av slåttane som vart skrive ned etter Straumen er heilt ukjende, medan andre kan kjennast att som variantar av slåttar brukt andre stadar. Det meste av dette materialet har om lag ikkje vore brukt etter at det vart skrive ned. Så for meg vart det som å opne ei gammal kiste som har stått urørt over lang tid.

Og hadde det ikkje vore for Bjørndal sine samlarferder, så hadde kanskje ikkje Underseth fått moglegheita til å spele slåttar frå heimstaden sin. Men kvar fekk dei eldre spelemennene slåttar og impulsar frå, og kva var det som forma spelet deira?

- Eg har inntrykk av at det var eit meir personelg preg på spelet før. Blant anna fordi det ikkje var daglegdags å møte andre spelemenn. Dei var rett og slett ikkje så «omringa» av musikalske impulsar slik vi i dag er til ei kvar tid. Men litt reiste dei nok, og slik fekk slåttane «vandre» til nye stadar der dei vart forma i den lokale tradisjonen.

Sommarkveld i Solund

I 2012 kunne ein stolt Vidar Underseth lansere plata «Sommarkveld i Solund» i samarbeid med Solund Sogelag. Etter å ha arbeidd i ei årrekkje med notenedskriftene Bjørndal gjorde etter lokale spelemenn, fekk han no formidla musikkskatten til eit stort publikum. På plata har heile 14 slåttar fått nytt liv gjennom fela hans, og slåttane får følgje av songopptak med utøvarar som vart dokumentert på 1950-talet og framover. Med plata følgjer det eit fyldig teksthefte som fortel om spel- og songtradisjonar i Solund, og om kjeldene til musikken.

 

Høyr Vidar Underseth spele brureslått frå Solund:

Les meir:

Wikipedia

Facebook

Del artikkel

Del sida

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway Tlf +47 57 63 80 00 - Faks +47 57 65 61 01 postmottak.sffarkiv@sfj.no
Login