Heim ›
Aktuelt
|
(25.05.2013)
DS «Nordfjord» har tilknytning til Sogn og Fjordane, både ved namnet og ved lang fartstid i Sogn og Fjordane-farvatn. I om lag 50 år gjekk «Nordfjord» i rute mellom Møre og Romsdal og Bergen. Ruta hadde fleire stoppestader på Sogn og Fjordane-kysten. Då båten runda 75 år i 1940, vanka det minnedikt; "Gamle Nordfjord". «- fire tusen gonger forbi Statt - » står det i eit av versa.
|
|
(11.05.2013)
Måndag 28. mai 1945 gjekk ubåtjagaren KNM «Hitra» inn Eidsfjorden til Nordfjordeid. Etter kvart var eit «folkehav» på veg til dampskipskaia. Tysdag 9. april 2013 deltok den same båten ved Bergens forsvarsforeining si markering av Hitler-Tyskland sitt angrep på Noreg, 9. april 1940. Ubåtjagaren markerte samstundes sin eigen alder på 70 år.
|
|
(02.05.2013)
Fylkesarkivet vil no gå i gang å publisere stadnamn for Luster kommune på Internettadressene www.fylkesatlas.no og www.fylkesarkiv.no. Vi har lagt ut 2 086 stadnamn allereie. Kommunen har løyvd pengar til å få gjort dette viktige kulturhistoriske arbeidet. Det er dei tre sogelaga som har stått for nyinnsamling av stadnamna på grunnlag av skuleborninnsamlinga i 1932, innsamlinga til Frøysadal og frå den store stadnamninnsamlinga i 1985 og utover.
|
|
(02.05.2013)
Årets kontaktkonferansen samla om lag 70 personar på Hotel Alexandra i Loen. No legg me ut presentasjonane som vart haldne.
|
|
(30.04.2013)
Fylkesarkivet har digitalisert den fyrste møteboka for Fjaler Arbeidarparti. Ho er ikkje stor i omfang, men gjev likevel viktig informasjon om oppstarten av heradspartiet i kommunen.
|
|
(29.04.2013)
Laurdag 4.mai 2013 står kvinnene i sentrum på De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. Utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opnar, og Sigrid Moldestad, ei av våre mest kjende musikalske stemmer, held konsert. Ei spanande utstilling i bilete, ord og tonar.
|
|
(26.04.2013)
Folkesongar Unni Løvlid frå Hornindal slepp i dag si fjerde soloplate, som har fått namnet "Lux".
|
|
(19.04.2013)
Claus Rumohr Moe fekk i 1933 brev frå barndomsvenen sin, Kristoffer Kjos, som var misjonær i Mandsjuria. I brevet formidlar Kjos inntrykka sine frå ein turbulent region, der etterdønningane av den russiske revolusjonen framleis var synlege, og der nærveret av japanske soldatar var ein del av dagleglivet.
|
|
(15.04.2013)
Tredje pinsedag er det 150 år sidan Davik misjonsforening vart stifta. I det høvet har Fylkesarkivet digitalisert den fyrste møteboka for laget.
|
|
(10.04.2013)
"Kommandøren" grunnstøytte ved Nornes i Sogndalsfjorden hausten 1891. Og kva var årsaka? Jo, en desperat fyrvaktar med mageproblem.
|
- Om Fylkesarkivet
- Arkiv og kjelder
- Våre tenester
- Prosjekt
- Lenker
