|
I sin fjerde landskamp (15. september 1946) fekk Osnes spele saman med sitt forbilete Reidar Kvammen, tidligare bronsespelar frå 1936. Under krigen sat han i konsentrasjonsleir, men greidde utruleg nok å trene seg opp att til å verte ein klassespelar. Reidar Kvammen står som nr. 1 frå venstre, medan "Bossen" er nr. 4. (Foto: Norges fotball leksikon).
|
Eidagut med talent
Knut ”Bossen” Osnes vart født i Eid den 27. juni 1922, og fyller no 85 år. Han debuterte for Eid fotballklubb offisielt i 1938 som 16-åring i ein cupkamp mot Molde. Året etter var han med å vinne kretsmeisterskapen med Eid. Same år kom krigen, og ”Bossen” fekk øydelagt fleire gode år som spelar. "Bossen" meiner han kunne vorte profesjonell fotballspelar om ikkje krigen hadde kome. Hausten 1945 drog Knut til Oslo for å studere på Statens gymnastikkskole, og melde seg inn i Lyn etter ein tilfeldig prat med dåverande trenar Jørgen Juve. I fyrste sesong skåra teknikkaren 37 mål på 16 serie- og cupkampar. Karrieren i Lyn strekte seg frå 1945 til 1950, og av edlare metall vart det cupgull både i 1945 og 1946. Under ein 3. rundekamp på Ullevål mot Trondheimslaget Falken lagde han heile åtte mål i 12-0 sigeren. Dette er sannsynlegvis noregsrekord. I Lyn spelte han med fleire legender, og vart sjølv ein del av den frykta trioen som bestod av Magnar Isaksen og John Sveinsson.
Lyn-kjapp
Det heiter seg at ”Bossen” fekk opp farta frå null til hundre på eit lite sekund, og at motspelarane kjapt vart distansert med fleire meter. Landslagsleiinga la tydeligvis merkje til den hurtige nordfjordingen, og den 16. juni 1946 aksla Osnes den kvite og raude landslagstrøya for fyrste gong. I debutkampen mot Danmark la han opp til første målet, medan han sjølv skåra vinnarmålet i andre omgang. Osnes fekk seks landskampar og skåra fem mål. Orsaka til at det ikkje vart fleire landskampar skuldast nok det dårlige synet som byrja å melde seg frå 1947. Ein augnelege meinte at linser ville gjere susen, men å putte noko slikt på augo tykte ”Bossen” ikkje noko om. Etter at han gav seg som Lyn spelar i 1950 drog han attende til Eid og læraryrket. Gamle kunstar var ikkje gløymt, for same året var han med på å spele Eid til eit nytt kretsmeisterskap.
Trenaren Osnes
Etter at han la opp som aktiv skulle ”Bossen” verte ein kjend trenarprofil, og han trena lag som Vålerenga (1962), Lyn (1967-1969), Ålesund (1970 og 1971) og Strømsgodset (1972). Særleg kjend er han frå Lyn perioden. I fyrste sesongen førte han laget fram til seriebronse og cupgull. Året etter skulle det norske publikum verte kjend med truleg det beste klubblaget me har hatt i norsk fotball. ”Bossen” og spelarane greidde den bragda å vinne både serie- og cupmeisterskap i ein og same sesong. Dei spelte seg også fram til kvartfinale mot Barcelona i Europacupen, og norsk vinter gjorde at dei måtte spele begge kampane i Barcelona i månadsskiftet januar-februar 1969. Den fyrste kampen (heimekampen til Lyn), enda med 3-2 tap. I omkampen leia Lyn sensasjonelt 2-0 til det sto eit kvarter att, men spanjolane lagde to mål heilt på tampen. Lyn rauk ut, keeperen til Lyn gret ein skvett og det skulle gå mange år før nokon norsk klubb kunne gjenta ei slik bedrift. Harald ”Dutte” Berg, ein av spelarane som ”Bossen” trena i Lyn, seier at dei spelte utan nerver i Barcelona. Noko av orsaka til dette fortel ”Dutte”, var at ”Bossen” med sin guteaktige sjarm og gode humør alltid fekk spelarane til å slappe av.
På biletet over blir champagne og blomar utdelte då heltane frå Barcelona kom heim. Bossen er lett kjenneleg med brillene sine. Bjørge Lillelien fekk også ei flaske med edlare dråpar. Den skulle han gøyme til evig tid som eit minne fortalte han mange år seinare. Det var ei vekes spelefri mellom kampane i Barcelona, og spelaren Jan Rodvang reiste i mellomtida attende til Oslo for å arbeide. Rodvang som var brødkøyrar i hovudstaden på 60-talet, uttala til journalistane at han måtte heim for å skaffe brød til folket. (Foto: Med godkjenning frå Lyn Fotballklubb).
Forut for si tid
Arne Scheie, ein av dei som sannsynligvis kjenner best til norsk fotball, meiner at ”Bossen” var ein pedagogisk trenar som forstod viktigheita med teknikk og tempo i spelet. Scheie seier også at Osnes med sin treningsfilosofi var forut for si tid. Det skal også nemnast at ”Bossen” i si tid vart nemnd i pressa som kandidat til å overta som landslagstrenar, men noko meir enn lause rykte var det ikkje fortel Osnes.
Fylkesarkivet har intervjua Osnes
Fylkesarkivet har intervjua Knut Osnes på hytta i Eid den 12. juni 2007. For dei som ynskjer å høyre det litt over to timar lange intervjuet, skal det i næraste framtid verte søkbart i vårt lydarkiv. I intervjuet fortel Knut blant anna om oppveksten på Eid, skulegang (både i Noreg og Tyskland), livet under krigen, karrieren som spelar på Lyn og landslaget, trenargjerninga og arbeidet som lærar. For dei som ynskjer å lese meir om Knut Osnes har Fylkesarkivet skreve ein lengre artikkel som kjem i Fjordabladet laurdag 30. juni.
”Bossen” ein junidag 2007, på hytta i Eid. Fortsatt sprek som ein ung fole til trass for ei hofte som verkjer etter ein gamal skiskade. Han var også ein dugande skihoppar, og på veggen heng eit par hoppski han fekk etter ein av Ruud brørne. Den tidligare læraren er framleis kvikk i hovudet og går ikkje av vegen for å diskutere fotball. I dagens fotball er det for mykje unødvendige lange ballar og skitent spel, seier Osnes. Som spelar var han vitne ein gong til at dommaren drog opp det raude koret. (Foto: Roger Kvarsvik, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane).
Høyr Bjørge Lillelien kommentere 2-2 kampen i Barcelona
Den fantastiske 2-2 kampen som Lyn spelte mot Barcelona kan du høyre her kommentert av ein svært engasjert Bjørge Lillelien. Når du speler av lydfila får du først høyre Lyn leiren sin reaksjon etter fyrste kamp (3-2 tap), og deretter eit opptak på ca. 25 min av 2-2 kampen. På 1960-talet måtte Dagsnytt-sendingane følgjast slavisk. Noko som gjorde at Bjørge berre fekk kommentert delar av kampen.
Høyr kampen her (Barcelona-Lyn )
Høyr Fylkesarkivet sitt intervju med Knut Osnes
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ynskjer Knut ”Bossen” Osnes til lukke med dagen.
Kjelder
Telefonintervju
- Arne Scheie (22. mars 2007)
- Harald ”Dutte” Berg (18. april 2007)
- Knut ”Bossen” Osnes (10. april 2007)
Litteratur
- Fra Sotahjørnet til Bohemen: Vålerengens idrettsforening: 1913-2003
- Lyn i 100: Ski- og fotballklubben Lyn: 1896-1996
- Norges fotball-leksikon. Band I 1947.
- Opp fra myra: fotballtriumfen i Ålesund
- Sogeskrift for Eid 1997(Arild Heggen: Knut ”Bossen” Osnes)
- Strømsgodset idrettsforening gjennom 100 år: 1907-2007
- Ålesund fotballklubb, medlemsblad frå 1970-1971