[Les meir...] " />
11; NoCache
”Kniv, gaffel og ske medtages”

Dei siste dagane har mediene meldt om enorme sildemengder i havet sør om Stad. Vi har og sett at Framtidsfylket har hatt suksess med sjømat frå Sogn og Fjordane på karrieremessene i Oslo, Trondheim og Bergen. Då passar det å by på ei historisk småsak. I 1920 blei det servert ”fiskemiddage” - på bedehuset i Lærdal


Det var folk frå Selskabet for de norske fiskeriers fremme i Bergens som for 90 år sidan var på demonstrasjonstur i Sogn med ”sild og fisk”. Tiltaket var ikkje heilt nytt. Under det årvisse vårsildfisket hadde ”Selskabet” i fleire år ”foranstaltet saakaldte ”fiskemiddage” for at (..) øke anvendelsen af sild og fisk i husholdningen.”

Sogns Tidende hadde 3. februar 1920 omtale og annonse om ”Fiskemiddag i Sognefjorden”. Høyanger, Vik Sogndal og Lærdal stod på programmet. Det var adgang for ”saavel herrer som damer”, men naturleg nok berre ”for et begrændset antal.” Inngangsbilleten kosta kr. 1,50 og folk måtte ha med kniv, skei og gaffel.

Forfattaren av meldinga er full av lovord. Han har hatt høve til å sjå ”hvad spiseseddelen byr paa”, og må vedgå at ”den ser mildest talt meget lovende ut.”

Faksimile frå Sogn Tidende, 03.02.1920.


Forfattar: Hermund Kleppa (02/17/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no