Innsamling i Jostedalen
|
|
Spelemannen Olaf Sperle (1900-1971).Fotograf: Ukjend, eigar: Ragnvald Nedrelid
|
Jostedalen er ei bygd mest kjend for å liggje isolert mellom fjell og bre inst i Sogn. Men bygda er òg kjend for ein levande og rik folkemusikk- og folkedanstradisjon. Med impulsar frå både Nordfjord, Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal og Sogn, har Jostedalen fått ein særeigen tradisjon.
Takka vere den geografiske isolasjonen, har musikken og dansen overlevd vekkelsesbølgjene som tok livet av denne tradisjonen i dei kringliggjande sognebygdene. Jostedal Spel –og Dansarlag har faktisk vorte eit av dei største og mest aktive spelemannslaga i landet. Med auka aktivitet i laget, kjem auka spurnad etter tradisjonsstoff.
Fylkesarkivet har ein god del opptak av spel og noko song frå Jostedalen, medan Rådet for Folkemusikk i Trondheim har opptak av dans. Dei eldste opptaka er frå 60-talet. NRK har òg opptak frå Jostedalen, men desse er lite tilgjengelege for ålmenta.
Fylkesarkivet har oppretta ei prosjektstilling for å samle inn gammal musikk, song og dans frå Jostedalen, slik at dette kan vidareformidlast til interesserte.
Posjektleiar er Mari Ormberg, som sjølv kjem frå Jostedalen.
Ho kan kontaktast på telefon: 913 32 136 og epost: mormberg@hotmail.com
|
Forfattar: Mari Ormberg (02/26/2010)
|
|
| Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway | | Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01 | | postmottak.sffarkiv@sfj.no |
|