[Les meir...] " />
11; NoCache
Fjordvegen i Sogn og Fjordane

Vegstrekninga Sandnes (Rogaland) – Moskog (Førde, Sunnfjord) er kjent som Riksveg 13. IS Fjordvegen (IS står for interesseselskap) arbeider for betre vegstandard, og selskapet spelar på fleire strenger for å få fram at vegen, og området vegen går gjennom, er ei messe (reise) verd. Kultur er ein av strengene.

Kultur - diktarar
Fem godt kjende diktarar med rotfeste på/ved strekninga Sunnfjord – Jæren ligg til grunn for at Fjordvegen har eit sideprosjekt som går under namnet Diktarvegen. Dei fem ”store” rekna frå Sunnfjord og sørover er: Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg. Desse fem skal utgjera ”ryggrada” i Diktarvegen. Felles for dei er at det er oppretta særskilde føretak for kvar av dei (selskap, stifting, senter)

Kultur - historie og tradisjon
Men Fjordvegen har meir kultur på vegkartet sitt enn dei fem diktarane. Selskapet
lokkar også med andre kulturinnslag langs vegen, attraksjonar der historie og tradisjon er viktige ingrediensar, t.d. fruktdrikke ein stad i Hardanger og statuen Fridjov den frøkne i Sogn.

Kultur – historia om vegen
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har eit innspel: Kva med å ta med veghistoria som eit synleg aspekt ved Fjordvegen-prosjektet? Kva med å profilera veghistoria som attraksjon til liks med spektakulære ting som den keisar-skapte Fridtjov den frøkne på Vangsnes. Busen (vegslusken) sin gamleveg gjennom Seljestadjuvet er det beste veghistoriske innslaget på heile strekninga, og særs interessant som reisemål.

Veghistoriske artiklar
Veghistorie på papir og på skjerm høyrer og med. Fylkesarkivet kan allereie by på fleire veghistoriske artiklar til Fjordvegen-delen i Sogn og Fjordane: Vikafjellsvegen og Gaularfjellsvegen. Ein artikkel om ferjesambandet Vangsnes-Hella-Balestrand er under arbeid. Dette ferjesambandet er elles eitt av fire på heile riksveg 13-strekninga.

Aktuelle artiklar i Kulturhistorisk leksikon:
Vikafjellsvegen
Storesvingen i Vik
Leikanger-Hella og Vetlefjord-Dragsvik
Striden for veg over Gaularfjellet
Vegarbeid på Gaularfjellsvegen 1936-1938
Gaularfellsvegen opna

Ferjesambandet Hella-Vansgnes-Dragsvik er ein del av Fjordvegen (Riksveg 13). Sambandet opna hausten 1956. Biletet her er frå 1957. Ferja ”Sogn” held på å leggja til. Leigeferja ”Leif” ligg i den andre ferjestøa. Eigar: Fylkesarkivet, Fotograf: Normann.


Forfattar: Hermund Kleppa (02/26/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no