Flittige elevar ved arbeidsskulen i Balestrand
|
|
Tidleg på 1900-talet vart det satsa mykje på å utvide skuletilbodet i dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane. I arkiva finn ein mange søknadar om å få utvide både klassetal og skuletida, og om å få utbetre og bygge fleire skulebygg. Dei aller fleste søknadane er utferda av skulestyra, men ein søknad frå 1934 skil seg klart ut. Det spesielle er ikkje søknaden i seg sjølv, men kven han kjem i frå. Bak søknaden står nemleg elevane ved ein arbeidsskule i Balestrand kommune, og dei søker om å få utvida skuletida med to veker. Søknaden vart sendt til kommunestyret, og innvilga.
I dag skal ein nok leite lenge for å finne elevar som vil ha forlenga skuletida, og enda lenger for å finne elevar som er villige til å søke om å få det gjennomført. Eit anna spørsmål er også om dei ville ha fått det. Dagens strame skulebudsjett legg heller ikkje til rette for ei utviding av skuletilbodet. No var rett nok skuletida ved denne skulen berre tre månader, men det at elevar tek initiativet for å utvide skuletida er likevel eigna til å vekkje oppsikt i dagens samfunn.
Les korleis saka vart handsama i møteboka: sak 16 2. februar 1934
|
 |
| Frå snekkarverkstaden ved Holmøy arbeidsskule i Eid kommune 1930-1935. Ukjent fotograf. |
|
|
Forfattar: Cecilie Astrup Bustad (03/05/2010)
|
|
| Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway | | Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01 | | postmottak.sffarkiv@sfj.no |
|