[Les meir...] " />
11; NoCache
Telehistorie takka vere Oddkjell Bosheim

Fylkesarkivet har fått 36 rinpermar stappfulle med historie om telegraf og telefon i Sogn og Fjordane. Det er Oddkjell Bosheim (84) i Lærdal som gjennom mange år har samla telehistorisk tilfang og systematisert det. Han ønskjer at samlinga skal takast vare på i Sogn og Fjordane, og han kom til at Fylkesarkivet var rette staden.


Har samla og systematisert i mange år
Oddkjell Bosheim kom til Lærdal og arbeidde i Televerket frå 1950-talet til han blei pensjonist. Bosheim fatta tidleg interesse for den historiske sida av telekommunikasjonen. På 1970-talet byrja han å samla og systematisera ymse slag tilfang om utbygginga av telenettet: linjekursar, arbeidarar, stasjonar, m.m. Og dette arbeidet har han halde på med i alle år seinare. Særleg må nemnast dei mange turane han saman med kona Ågot og andre har gjennomført til fjells på leit etter telehistoriske spor i marka. Det er ikkje noko mindre enn telearkeologisk feltarbeid på sitt beste. Oddkjell Bosheim har omfattande telehistoriske kunnskapar knytta til fylket, først og fremst til Indre Sogn.

Innhald
Rinpermane opnar med eit oversyn over innhaldet: „I denne ringpermen finn du: ..“
Me kan opna ringperm nummer 17 som døme. Den handlar om linjekursen Lærdal – Dokki – over fjellet (Stødnaåsen) og ned til Fodnes (der sambandet heldt fram i sjøkabel over fjorden). Oversynet på første sida er eit kortfatta resyme av heile historia til denne linekursen, frå stortingsproposisjon i 1895 til stolpar og liner vart rivne i 1986.

Permen inneheld kart, kopiar frå trykte kjelder og arkiv, brev og noteringar, fotografi (eldre og nyare, mange har han teke sjølv). Forvitneleg er det „å følgja“ Bosheim pr. foto til fots langs linekursen, og sjå alle dei spora som framleis finst i terrenget.

Verdfull samling
Innhaldet i dei 36 ringpermane er resultatet av Oddkjell Bosheim sitt arbeid med å samla telehistorisk tilfang gjennom mange år. Det er ei verdfull samling, både på den måten at ho er innhaldsrik og ved at Bosheim har lagt vekt på å ordna materialet slik at det er lett for andre å finna fram.

Gåve til Fylkesarkivet
Oddkjell Bosheim har gjeve materialet sitt til Fylkesarkivet. Til odel og eige. Det er eit privilegium for ein arkivinstitusjon å få forvalta ei slik samling. Stor takk til Oddkjell Bosheim.

Artiklar i Kulturhistorisk Leksikon
Det må og koma med at Oddkjell Bosheim har skrive fleire artiklar i Fylkesarkivet sitt nettbaserte Kulturhistorisk Leksikon. Bosheim har også skrive artiklar om det gamle varslingssystemet i tidleg historisk tid, om vegar og andre emne.

Les om Linjekursen Lærdal-Fodnes her.
Du finn 10 andre artiklar ved å søkja i Kulturhistorisk leksikon i feltet Forfattar, slik: %Oddkjell Bosheim%


Oddkjell Bosheim ser i ein av dei 36 ringpermane sine. Bosheim avleverte nyleg alle permane til Fylkesarkivet. Foto: Hermund Kleppa/Fylkesarkivet 2009.


Forfattar: Hermund Kleppa (03/05/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no