[Les meir...] " />
11; NoCache
Lotetunnelen - historia bak

I sommar må folk rekna med ventetid på strekninga Nordfjordeid-Lote (Lotetunnelen). Vegvesenet melder om ”redusert framkommelighet”. (Statens Vegvesen. Trafikkinformasjon). Vegen kan bli stengt i periodar på 30 minutt mellom kl. 22.00 og 05.45. Kva med å bruka eventuell ventetid til å lesa litt om historia til Lotetunnelen?

Pionerprosjekt
Den nær tre kilometer lange Loteunnelen kom ikkje av seg sjølv. Fylkestinget ville heller ha veg utover fjorden om Hundeide inn til Nordfjordeid. Jamvel vegsjefen gjekk i mot. Han viste til høgare kostnad og usikkerhetsmoment med å byggja ein så lang tunnel. Til slutt var det Stortinget som ”overkøyrde” det lokale nivået og fastsette at det skulle byggjast tunnel.

Heimelaga borerigg
Prosjektet Lotetunnelen er elles spesielt ved at tunnelen blei driven med den første boreriggen i fylket. Det var Nordfjord vegavdeling som konstruerte ei innretning — montert på ein lastebil.

Les meir i Kulturhistorisk Leksikon:
Lotetunnelen — bygd med heimelaga borerigg.

Datering: 1960. Eigar: Statens Vegvesen. Fotograf: Ukjend.


Forfattar: Hermund Kleppa (06/17/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no