[Les meir...] " />
11; NoCache
Trist 50-årsminne

24. juni 1960 omkom fem arbeidarar på kraftutbyggjings-anlegg i Indre Sogn. Inne i to tunnelar blei sprengladningar utløyste av lyn i eit kraftig torever. Dessutan vart to arbeidarar hardt skadde. Tunnel-veteranen Magne Trengereid i Mesta fortel at det var fleire slike ulukker på den tida. Etter kvart vart problemet løyst ved at det blei utvikla ein ikkje-elektrisk tenningsmetode.


To stader
Johs B. Thue fortel om dei to sprengingsulukkene i boka Fortun. Bygda og krafta (1999). Den eine ulukka skjedde inne i tunnelen i Vetledalen. Lynet slo ned i ein transformator, følgde jernskjenene innover og utløyste salva. Her miste to mann livet. Den andre ulukka skjedde i Koldedalen. Om ulukka i Koldedalen skriv Thue: ”I tunnelen i Koldedalen var eit arbeidslag i fullt arbeid (..). Også der var borehola lada. Då det kom melding om toreveret, blei ein mann send inn i tunnelen for å varsla om dette. Han kom berre 6-7 meter inn før det small. Pål Endestad (45) frå Otta, Sverre Tagestad (23) frå Harpefossen og den 19 år gamle Åsmund Kjenseth frå Vang I valdres omkom straks. Oddmund Endestad og Knut Løkken blei så mykje skadde at dei laut fraktast til til Rikshospitalet.”

Varslingsmekanisme
I fleire år måtte tunnelarbeidarane varslast om torever ved at dei fekk melding. Den fatale fredagen 24. juni 1960 nådde ikkje meldinga tidsnok fram til tunnel-arbeidarane i Koldedalen. På 1960-talet blei det utvikla eit meterologisk instrument som fanga opp torever og sende automatisk ”lynvarsling” til folka på stuffen. Magne Trengereid (busett i Hordland) fortel at også kraftig vind, utan at det var torever, kunne utløysa melding.


Nonel - ikkje elektrisk tenningsmetode
To ting kunne gje ”utidig” utløysing av salver; - jernskjener for transport (kring 1960 vanleg brukt i vass-overføringstunnelar, tidlegare også i vegtunnelar, t.d. tunnelen mellom Faleide og Blakset). På 1970-talet vart det teke i bruk ein ikkje-elektrisk tenningsmetode, vanleg nemnt som nonel detonering (non electric, ikkje elektrisk). Overføring til sprngstoffet går via ein tynn plastslange i voldsom fart.

Kjelder:
Thue, Johs B: Fortun. Bygda og krafta (1999)
Munnlege opplysningar: Magne Trengereid og Jon Skårhaug.

Sogn Folkeblad 28. juni 1960.


Forfattar: Hermund Kleppa (06/21/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no