[Les meir...] " />
11; NoCache
1855 – til botnar ved Skjerjehamn

Kva skjedde med vraket av DS ”Bjørgvin”, eitt av dei tre dampskipa som prøvde seg i rutefart Bergen-Sogn før Fylkesbaatane i 1858? Og nøyaktig kvar skjedde havariet? I følgje eit ”hovudstadsblad” gjekk Bjørgvin på eit skjer ”i nærheten av Skjergehavn” og sokk. Alle passassjerane vart berga. Forliset skjedde truleg natt til 24. november 1855.

Om då Bjørgvin forliste i Gulen
Bøkene Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år og Steamers of the fjords har med noko om dampskipet Bjørgvin , men ingen nemner den dramatiske sluttstreken for Bjørgvin seinhaustes 1855. Det gjer derimot avisa Sogns Tidende i 1930. I eit stykke med overskrifta Damskipsferdsla i Sogn for 75 aar sidan står det om då Bjørgvin forliste i farvatnet ved Skjerjehamn i Gulen. Avisa refererer eit samtidig stykke om hendinga i eit "hovudstadsblad".

Skipet gjekk til botnar - alle berga
Første delen av stykket handlar om kva som skjedde, her omskrive dagens målform: Dampskipet Bjørgvin som i fleire år har frakta post mellom Bergen og Lærdalsøyri, og som på desse turane ofte har ”karambuleret” [kollidert] både med bergnakkar og skjer, har nå endeleg fått sitt banesår. Natta mellom ”23. og 24. ds.” [truleg november 1855] gjekk det på eit skjer i nærleiken av Skjerjehamn. Til all lukke kom ikkje skipet seg av ved å bakka, elles ville det ha gått til botnar med mannskap og passasjerar, - mellom 60 og 70 personar, etter det som vert sagt.
Skroget blei opprive og tok snart inn mykje vatn, men det lukkast ved help av ein liten skipsbåt å få passasjerane i land, sameleis posten og ein god del av lasta, før skipet glei av og gjekk til botnar. Det var godt vêr då ulukka skjedde, men mørkt.

”Posten maa frem..”
Andre delen av stykket handlar om tryggleik; utfordringa det var å føra eit dampskip i mørke og uvêr på denne tida, og kravet om å halda rutetidene. "Mange Rejsende erindre vistnok med Gysen de rædselsfulde Timer som de i mørke og stormfuld Nætter have udholdt paa Bjørgvin, navnligen paa dens Fart gjennem Strømmen [ein del av leia] mellem Bergen og Sognefjorden.Mangen Gang har Føreren i deslige Nætter været bønfaldet om at søge Havn, idetmindste for Natten, uden at lytte dertil, men kun affærdiget Vedkommende med det lidet trøstige Svar at Posten maa frem..”

Les meir i Kulturhistoriske leksikon:
Fylkesbaatane – Rutetrafikk før 1858.

Dampskipet Bjørgvin av Bergen, innkjøpt for privat kapital og sett i fart på strekninga Lærdal-Bergen-Stavanger i 1839. Forliste ved Skjerjehamn i 1855. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fotograf: I Norges eldste linjerederi.


Forfattar: Hermund Kleppa (06/22/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no