[Les meir...] " />
11; NoCache
Full fart forover – med Fylkesbaatane-historie

I 1958 feira Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 100 år. Avisa Sogn og Fjordane gratulerte med leiarartikkelen Dampen 100 år . Tittelen kunne like gjerne vore Folket og Fylkesbaatane. Nå kan du lesa artikkelen i Kulturhistorisk Leksikon. Dessutan har Kulturhistorisk Leksikon 11 andre artiklar som handlar om historia til Fylkesbaatane.

”blakk og pengelens”

Artikkelen Dampen 100 år , skriven i 1958, handlar om det nære forholdet mellom folket og Fylkesbaatane. Eit treffande døme har me i den vesle historia Ove Hauge frå Sandane fortalde 60 år seinare, på Boknatta i Fjærland 2010:

"Du veit, eg vaks no opp i nærleiken av kaia og var der når båten kom. Så i 1961 då eg var i miltæret og skulle heim stod eg blakk og pengelens på kaia i Bergen. Likevel gjekk eg ombord i fylkesbåten, sa korleis stoda var og at far min stod på kaia på Sandane og tok imot meg og at han nok ville gjere opp. Heilt greitt var svaret. Då vi kom til Sandane stod far min der. Han betalte og vi drog heim. ”

Om bøker og hefte
Knapt noko rederi kan visa til like stor historisk litteratur som Fylkesbaatane. I åra 1908-2008 kom det ut ikkje mindre enn ni bøker og hefte. Tre av FSF-artiklane i Kulturhistorisk Leksikon handlar om FSF-litteraturen.

Om Fylkesbaatane i 1905 m.m.
Dei andre artiklane inneheld smakebitar av Fylkesbaatane-historia det finst lite eller ingen ting om i Fylkesbaatane-litteraturen. Du kan lesa om rutetrafikk før Fylkesbaatane vart skipa, om Fylkesbaatane i fridomsåret 1905, den drivande gode talen Fjaler-ordføraren D.O. Bakke heldt på 50-årsfesten i 1908, om Fylkesbaatane-minnesteinen i Balestrand, om minneplata over falne i krigen 1940-1945, kongebesøket i høve hundreårsjubileet i 1958 og om Fylkesbaatane-flagget.

Artiklar i Kulturhistorisk Leksikon:

Fylkesbaatane — Dampen 100 år

Fylkesbaatane — Bøker til historisk kunnskap

Fylkesbaatane — Sogeskrift til skulebruk 1931

Fylkesbaatane — Boka Minner fra sjømannslivet

Fylkesbaatane — Rutetrafikk før 1858

1905 — Fylkesbaatane

Fylkesbaatane — Tale på jubileumfesten 1908

Innbrot hjå Fylkesbaatane 1908

Minnestein i Balestrand over skiparane av Fylkesbaatane

Minneplate over falne i Fylkesbaatane 1940-1945

Kong Olav i Sogn og Fjordane — besøket i 1958

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane — Flagget

Somme skipsnamn har gått i arv. Både "Framnæs" og "Hornelen" har vore brukte om att, og det same er tilfelle med "Kommandøren". Den fyrste "Kommandøren" (sjå over) vart levert frå Akers mekaniske verksted i 1891, seinare ombygd to gonger, i 1910 og 1930. Båten gjekk på grunn ved Alversund 8. februar 1945, men vart berga og lagd i opplag i Bergen. Den fyrste "Kommandøren" enda sine dagar for godt medan båten låg i opplag. Ein full sjømann på ein tysk MTB sende ein torpedo i skipet 29. mars 1945.


Forfattar: Hermund Kleppa (06/29/2010)





Skrivarvenleg side








Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway
Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01
postmottak.sffarkiv@sfj.no