Egersund-fajanse i altarskåp
|
|
Fajanse-museet i Egersund bør ta kontakt med kyrkjeverje Helge Borgund i Selje. No heilt nyleg kom det for ein dag ikkje mindre enn tre Rebekka-krukker inst inne i altarskåpet i kyrkja på Leikanger. Ei av dei er i perfekt stand. Fajanse-museet sine to eksemplar er skadde.
Kyrkjeleg bruksgjenstand
Ordet rebekka-krukke finst ikkje i gjengse ordbøker og oppslagsverk. Like fullt finst det krukker eller mugger med kvinnenamnet Rebekka som første ledd. I 1891 løyvde til dømes kommunestyret i Sogndal pengar til innkjøp av to ”Rebækkakrukker”, og det finst rebekka-krukker i fleire kyrkjer rundt om i Sogn og Fjordane. Ei rebekka-krukke er ei mugge laga av fajanse eller porselen til kyrkjebruk. Dei var i si tid produserte og marknadsførte for å ha altervin i, men me kjenner til at dei og vart brukte til dåpsvatn.
Gått i gløymeboka
Boka På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane (2 bind, Selja forlag 2001) omtalar kunst og inventar i kvar kyrkje. Men eitt interessant inventarstykke manglar omtale — rebekkakrukkene. Dei gøymer seg i nokre tilfelle bak nemningane ”dåpsmugge, krus” (krus= steinty, krusty). Rebekka-krukkene høyrer heilt klart med til kyrkjeleg ”kunst og inventar”. Helge Borgund i Selje kan godt tenkja seg å la dei tre rebekka-krukkene koma til ”heder og verdighet” igjen på ein eller annan måte.
Les meir om rebekka-krukker i Jostedal og andre stader i Kulturhistorisk leksikon.
Ekstern lenke:
Egersunds Fayancemuseum
 |
| Tre rebekka-krukker fram i lyset i Leikanger kyrkje, Selje. Dei stod bortsette inst inne i altarskåpet. Vonleg går dei no ei betre framtid i møte. Foto: Jorunn Nyttingnes, 2010. |
|
Forfattar: Hermund Kleppa (07/27/2010)
|
|
| Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Norway | | Tlf +47 57 65 61 00 - Fax +47 57 65 61 01 | | postmottak.sffarkiv@sfj.no |
|